Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Satsar stort på digital rehabilitering for hjartepasientar

Gjennom filmsnuttar, ein medisin-app og informasjon på nett, skal eit prosjekt i Helse Bergen gjere det mogleg for hjartepasientar å motta rehabilitering heime. No har prosjektet fått støtte frå fleire hold.

Publisert 28.05.2021
Sist oppdatert 14.10.2021
Mann ser på mobilen. Foto.
Namnet eHjerteRehab hintar om hjarterehabilitering over nett. Ifølge prosjektleiar Tone Merete Norekvål er tid og stad den største skilnaden frå tradisjonell hjarterehabilitering.

– eHjerteRehab er eit elektronisk program som skal følgje hjartepasientar gjennom rehabilitering. Programmet har mange fellestrekk med hjarterehabilitering på sjukehuset, berre at pasienten kan gjere det når som helst og heime i si eiga stove, seier prosjektleiaren. 

Tone Merete Norekvål er leiar for eHjerteRehab-prosjektet.

Rehabilitering til fleire pasientar

Kvart år gjennomfører 12 000 pasientar utblokking av hjartets kransårar (PCI) i Noreg. Trass i positive effektar av hjarterehabilitering, får berre 20-30 prosent av pasientane tilbod om rehabilitering i dag.

– Dette er på grunn av stort pasientvolum og få rehabiliteringsprogram. I tillegg er reisevegen lang for fleire pasientar. Eit elektronisk program gjer det mogleg å tilby rehabilitering til langt fleire pasientar, seier Norekvål. – eHjerteRehab skal vere eit tilbod i tillegg til dei som allereie finst, legg ho til.

Programmet vil innehalde både filmsnuttar og forklarande tekst. Der vil pasienten få vite kva som er viktig i tida etter at dei er utskrivne frå sjukehuset. Ein filmsnutt kan vise pasienten konkrete øvingar han eller ho må gjere som eit ledd i behandlinga. Programmet vil også kunne innehalde rettleiing om kosthald, medisinbruk og røykeslutt.

Viktig støtte frå InnoMed

Norekvål og teamet hennar har brukt mykje tid på forarbeid. Fleire år, faktisk. Mellom anna gjennom det Helse Vest-finansierte CONCARDPCI-prosjektet. Dette er også ein av grunnane til at eHjerteRehab har fått så stor merksemd, blant anna frå InnoMed, som nyleg tildelte prosjektet betydeleg støtte til prosessrettleiing. Det inneber at prosjektet vil få støtte frå innovasjonsrådgivarar i InnoMed.

– eHjerteRehab blir ei av dei større satsingane i InnoMed i år. Prosjektet fokuserer på utvikling av helsetenester i samarbeid med kommunal sektor gjennom digital heimeoppfølging for pasientar med kroniske lidingar. Det er i tråd med mål og tiltak for dei prioriterte pasientgruppene i Nasjonal helse- og sjukehusplan. Dette passar godt med InnoMed sine satsingsområde, seier Lena Forgaard, Innovasjonsansvarleg i Helse Vest RHF.
Innovasjonsansvarleg i Helse Vest, Lena Forgaard.
Forgaard sit også i den nasjonale ressursgruppa til InnoMed. Dei ønskjer at fleire prosjekt som eHjerteRehab skal nytte moglegheita til å søke om støtte til prosessrettleiing frå InnoMed.
InnoMed har ny søknadsfrist 4. juni.
Innovasjonsmidlar frå Helse Vest
Prosjektet har og fått innovasjonsmidlar frå Helse Vest. Ifølgje Forgaard skilte prosjektet seg ut med høg kvalitet i alle delar av søknaden. 

– Metodikken dei skal bruke, bygjger på ein internasjonalt anerkjend metodikk, tidlegare forsking, og god medverknad frå brukarane. I tillegg har dei solid samarbeid med nesten alle helseføretaka i Helse Vest, noko som gjer det meir sannsynleg at løysinga vil bli teken i bruk i heile Helse Vest på sikt, seier Forgaard. 

Om InnoMed

InnoMed består av eit team av innovasjonsrådgivarar som gir prosessrettleiing i tenesteinnovasjon.

I eit typisk InnoMed-prosjekt kan dei bidra med innsikt i behov, kartlegging av interessentar og aktørar, forankring av prosjekt i og mellom organisasjonar, gevinstrealisering og utvikling og iverksetting av tenester.

Fire gongar i året tildeler dei støtte til rettleiing til innovasjonsprosjekt i kommunar og sjukehus.

InnoMed er eigd og styrt av dei fire regionale helseføretaka (Helse Sør-Øst, Helse Vest, Helse Midt-Norge og Helse Nord) og KS.