Tildeling av Helse Vests forskingsmidlar 2022

Samarbeidsorganet har 26. november 2021 tildelt midlar til 52 av dei totalt 271 søknadane som var sende inn innan fristen 15. september. I tillegg til dei nye prosjekta har 160 stipendiatar og prosjekt fått vidareført si finansiering. Vel 175 millionar kroner går til å finansiere dei nye og vidareførte prosjekta.

Arkivfoto: Marius Fimland, Helse Bergen

Søknadane er vurderte ut frå dei to likeverdige vurderingskriteria vitskapleg kvalitet og (klinisk) nytte. For meir informasjon om vurderingskriteria, sjå formål og kriterium  for Helse Vests forskingsmidlar.

Vurdering av kvalitet og nytte er utgangspunkt for vurdering av søknadane, men i den endelege prioriteringa mellom gode prosjekt, er det også lagt vekt på regionalt samarbeid, fordeling mellom fagfelt og mellom forskingsmiljøa. Dette er forankra i retningslinjene for søknadsvurdering.

Hard konkurranse​

–  Kvaliteten på søknadane har blitt svært god og det er hard konkurranse, spesielt innanfor open prosjektstønad. Det er framleis dei store og sterke miljøa som kjem høgast på innstillinga, med nokre heiderlege unntak, seier professor Kåre Birkeland, som har leia evalueringsprosessen.

–  Samla sett er det stor tematisk breidde, men overraskande nok var det også i år eit fåtal søknadar som tok utgangspunkt i covid-19-epidemien. Mikrobiota i tarmen er i år ein gjengangar i mange prosjekt og innanfor mange fagområde.  Ikkje alle har inkludert dette aspektet like vellykka. Nokre søknadar av høg vitskapleg kvalitet er ikkje prioritert, då eventuell klinisk nytte ligg for fjernt, sier Birkeland.

Karrierestipend med klinisk fokus​

– Det har tidligare vore få innstilte i kategorien karrierestipend. Ved utlysinga i år var kategorien litt endra, og blei lyst ut med eit forsterka klinisk fokus. Det er svært gledeleg å kunne innstille ein framifrå søkjar til klinisk karrierestipend.

Les meir om tildelinga (PDF)Tildeling 2022 og søknader på venteliste (PDF)Vidareførte stipend og prosjekt (PDF)
Tildelingsbrev blir sendt ut så fort som råd. Tilbakemelding til alle søkjarane vil bli sendt ut seinast 17.  desember.