Avlyser konkurranse for rehabiliteringstenester
Helse Vest har avlyst konkurransen for spesialiserte rehabiliteringstenester som har gått denne hausten. Grunnen er at omfanget av kjøp av desse tenestene må reduserast.
Helse Vest lyste tidlegare i år ut konkurransen for innkjøp av spesialiserte rehabiliteringstenester. Tilbydarane har no fått melding om at konkurransen er avlyst.
– Vi beklagar å måtte avlyse konkurransen, men kostnadene i tilbodet som kom inn viste seg å overstige budsjettet ein hadde for kjøp. No går vi gjennom konkurransegrunnlaget på nytt og vil lyse ut ein ny konkurranse så snart som mogleg, seier Ivar Eriksen, eigardirektør i Helse Vest.
Årsaka til avlysinga er altså at kostnadene knytt til dei inngitte tilboda overstig Helse Vest sitt budsjett for innkjøpet. Helse Vest viser i meldinga til tilbydarane mellom anna til at prisnivået på tenestene har hatt ein uventa og vesentleg auke - utover den ramma som var lagd for konkurransen på utlysingstidspunktet. I tillegg inneber statsbudsjettet for 2023 ei betydeleg økonomisk utfordring for Helse Vest. Budsjettforslaget kompenserer ikkje for lønns- og prisvekst utover deflator i inneverande år. Helse Vest ser seg derfor nøydde til å redusere omfanget av tenester som skal skaffast.
– Aktørane som har hatt avtale om rehabiliteringstenester fram til i år har fått forlenga avtalane fram til 30. juni 2023. Den nye konkurransen vil ta omsyn til dei endra økonomiske rammene, seier Eriksen.