Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Gjenvinningskraft fører til reduserte utslepp i sjukehusa

Sjukehusa er storforbrukarar av energi, som fører til store klimagassutslepp. Auka bruk av gjenvinningskraft er eit av mange viktige tiltak for å redusera CO2-utslepp frå drifta av sjukehusa.

Publisert 29.03.2022
Sist oppdatert 05.04.2022
Sykehusbygg grafikk

​Energi som elles ville gåt​​​​​t tapt

Energiforbruket i sjukehusa er den største enkeltfaktoren for direkte klimagassutslepp frå spes​ialisthelsetenesta. For å nå målet om å redusera direkte CO2-utslepp frå sjukehusdrift med 40 prosent i perioden 2019-2030, er kjøp av gjenvinningskraft eit vesentleg tiltak. ​

Spesialisthelsetenesta har eit felles mål om å auka delen gjenvinningskraft i perioden fram mot 2​030. Gjenvinningskraft er el-kraft som blir produsert av energi frå norsk industri som elles ville ha gått tapt. Dei fire helseregionane i Noreg har inngått ein nasjonal avtale om innkjøp av elektrisk kraft frå energigjenvinningsanlegg frå 2022, og dette vil gi ein årleg tilgang på ca. 500 GWh. Total straumforbruk i dei fire regionane i 2021 var ca 1000 GWh.​ 

–​ Som ein av dei største eigedomsforvaltarane i landet og med totalt 30 000 tilsette, set Helse Vest eit stort avtrykk, og me har eit like stort ansvar for å kutta der me kan. Avtalen om kjøp av gjenvinningskraft er eit vesentleg bidrag til å nå dei ambisiøse måla vi har sett oss, seier administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne. 

Spelevarme o​​g oversko​​tsvarme 

Gjenvinningskraft er ei ordning der styresmaktene har redusert avgiftsnivået. Dette inngår som ein del av finansieringa av anlegget som skal utnytta energi som blir sleppt ut. Døme på slik energi er spelevarme frå smelteverk og overskotsvarme frå avfallsanlegg. Kjøp av gjenvinningskraft vil påverka CO2-rekneskapen positivt og samtidig redusera kostnader for helseføretaka. Gjenvinningskraft blir vurdert som eit vesentleg betre alternativ for å redusera utslepp frå sjukehusdrift enn å kjøpa opphavssertifikat for straum. 

Små og store miljøt​​iltak 

Den nasjonale avtalen om gjenvinningskraft er berre eitt av fleire døme på miljøarbeid i sjukehusa. Mange av dei er no samla i spesialisthelsetenesta sin årlege rapport for samfunnsansvar.

Les heile rapporten

Rapporten viser at det blir gjort mykje godt arbeid som nyttar, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Alt i frå omlegging av drift av sjukehusbygg og meir miljøvennleg transport, til reduksjon av matsvinn og berekraftige innkjøp. Men nøkkelen til endring er å få med seg dei tilsette. 

​– Både omverda og tilsette har klare forventningar til at Helse Vest skal gjera sitt for å bidra til kutt i klimagassutslepp. For at endring og kutt skal kunna skje, må tilsette involverast og engasjerast. Dette skal me jobba aktivt for framover, i tillegg til å ta miljøet med i reknestykket når me legg planar, tek avgjerder og stakar ut kursen for den vidare drifta av spesialisthelsetenesta på Vestlandet, avsluttar Bryne.​