Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Glade forskingsprisvinnarar

–  Helse Vest har som mål at forsking og innovasjon skal vere av høg kvalitet, og til nytte for pasientane våre. Det bidreg årets vinnarar til, i aller høgste grad, sa Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest, på årets forskingskonferanse. Tre prisar blei delte ut på tre ulike område, til vinnarane frå Helse Bergen og Helse Stavanger. 

Publisert 18.11.2022
Sist oppdatert 24.04.2023
8 personar, glade og med blomar og diplom. Foto.

​​Innovasjonsprisen i år gjekk t​​il Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest, RAKOS. Thomas Lindner, Anna Marie Moe Øvstebø og Conrad Bjørshol tok i mot prisen for sin tenesteinnovasjon "Oppfølging av førstehjelpere".

Dei har, som dei første i verda, starta opp med systematisk oppfølging av førstehjelparar i etterkant av ei alvorle​​g hending. Oppfølginga er blant anna tilbod om ei gjennomgang av hendinga i samtale med helsepersonell som er erfarne med å snakke om vonde opplevingar.

– Dei som har teke eit samfunnsan​svar ved å hjelpe andre, dei hjelper vi no, sa Thomas Lindner blant anna då dei mottok prisen​.

Førstehjelparen får fortelle om si oppleving, stille spørsmål og få hjelp til å bearbeide vonde kjensler slik at dei skal slippe å kjenne på skuld. Førebelse studiar viser ein signifikant reduksjon av traumeopplevingar seks månadar etter denne oppfølginga.

Tre personar med blomar og diplom, smiler. Foto.

Frå venstre: Thomas Lindner, Anna Marie Moe Øvstebø og Conrad Bjørshol, RAKOS, Helse Stavanger. Foto: Silje Katrine Robinson.

Pris til ung forskar blei introdusert som ein ny, fast pris på konferansen førre året, og er ein samarbeidspris m​​ed midlar frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Helse Vest.

Olga Therese Ousdal fekk prisen for hennar forsking innanfor skjeringspunktet mellom radiologi, nevrologi og psykiatri. Forskinga har gitt resultat i ny kunnskap og ei betra forståing av endringar i hjernen ved enkelte psykiske lidingar som depresjon og angst og behandlinga mot dette (elektrosjokk og psykoterapi).

Denne kunnskapen vil ha stor betyding for å kunne utvikle persontilpassa og effektiv behandling hos yngre og eldre pasientar i framtida, ifølge juryen.

Dette er ein stor inspirasjon for meg og ei stor ære. Det at eg har fått tillit til å kunne arbeide med dette, har gjort meg til ein betre forskar, seier Ousdal.​

Kvinne med blomar og diplom, smilar. Foto.

Olga Therese Ousdal, 1. amanuensis ved UiB og overlege ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, Pris til ung forskar 2022. Foto: Silje Katrine Robinson.

Forskingsprisen 2022 blei tildelt Kjell-Morten Myhr, overlege ved Nevrologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus og professor ved Institutt for klinisk medisin, Universitetet i Bergen.

Kjell-Morten Myhr får prisen for si framraga​nde og banebrytande forsking på behandling av multippel sklerose.

​Eg er umåteleg glad for denne prisen og ​eg takkar pasientane som vi har følgt opp gjennom åra. Dette er ei stor anerkjenning for meg og for nevrologimiljøet i Noreg. ​Tidlegare opplevde vi at pasientar døydde etter 5-10 år. No​ klarer vi ofte å stille diagnose tidleg og starte behandling så tidleg at vi kan stanse sjukdommen eller bremse han kraftig, seier Myhr.

I grunngivinga til komiteen kan vi ​mellom anna lese at Myhr har vore ein pioner i MS-forskinga, og at forskinga hans har resultert i ein forskjell for livslengde og livskvalitet for MS-pasientane.​

Mann, smiler. Har blomar og diplom i hendene. Foto.

KJell-Morten Myhr, forskingsprisvinnar 2022. Foto: Silje Katrine Robinson.​