Helse Vest RHF søkjer ny fagdirektør

Vi søkjer ein fagdirektør med brei samfunnsforståing og god innsikt i sentrale utviklingstrekk innanfor nasjonale og internasjonale fagmiljø for helse.

Helse Vest-logo på en vegg. Foto.
Foto: Kjetil Alsvik

Som fagdirektør i Helse Vest RHF må du ha høg fagleg integritet, vere offensiv, leveransedyktig og vere ein samarbeidsorientert leiar som vil vere premissgivar for, og leie strategiske prosessar – og dessutan bidra til at det regionale helseføretaket når måla sine, til det beste for pasientane.

Andre viktige kvalifikasjonar for stillinga er solid og stor fagleg kapasitet og evne til å skape tillit og samhandling både internt i føretaksgruppa, i dialog med medarbeidarar, brukarar og med andre samarbeidspartar regionalt og nasjonalt.

Interesse for kvalitetsforbetring, beste praksis og pasienttryggleik er ein føresetnad, saman med vilje til å finne nye løysingar og samhandlingsformer både regionalt og nasjonalt. Dette krev analytisk tilnærming, heilskapleg tenking og god relasjonsbygging. 

Les meir og søk på stillinga


Fire personar snakkar saman. Foto

Foto: Kjetil Alsvik