Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

KLINBEFORSK utlysing 2022

Dei regionale helseføretaka lyser i 2022 ut kring 100 millionar kroner i tematisk ope utlysing til kliniske multisenterstudium. Måla er å betre eksisterande behandlingsrutinar og/eller utvikle eller evaluere nye. For alle søknadar er det sett krav om deltaking frå kliniske forskingsmiljø i alle helseregionar, tilrettelegging for lik tilgang for pasienter nasjonalt og brukarmedverknad.

Publisert 02.03.2022
Grafikk. Tannhjul i blå varianter.

Utlysinga er tematisk open for alle dei kliniske fagområda og skal søkje å dekkje kunnskapsbehov av stor betyding for pasientbehandlinga.

Søknadsfristen er 29. april 2022 kl. 16:00. 

Søk i søknadsportalen eSøknad

​Om programmet

Nasjonalt program for klinisk behandlingsforsking i spesialisthelsetenesta, KLINBEFORSK, skal bidra til at fleire norske pasientar får tilbod om deltaking i kliniske studium. Programmet er eigd av dei regionale helseføretaka og er sett opp som eit ledd i oppfølginga av regjeringas handlingsplan for HelseOmsorg21.

Les meir om programmet