logo Helse Vest

Kvalitetsprisen til tenester for barn og unge

Liv Kleve og Irene Elgen ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) ved Haukeland universitetssjukehus får begge Kvalitetsprisen for 2022. Prisen blei delt ut ved årets Kvalitets- og registerkonferanse i Helse Vest.

Publisert 28.09.2022
Sist oppdatert 28.04.2023
Fire personar med diplom og blomar. Vinnarar Kvalitetsprisen 2022. Foto.

​– Dette er ei utruleg stor oppmuntring til arbeidet vi har lagt ned over lang tid. Eg er svært glad for at prisen går til tenester for barn og unge, seier Klinikkdirektør Liv Kleve ved PBU. –​ Det er lagt ned eit stort arbeid med høg grad av involvering av fleire medarbeidarar. Vi har arbeidd systematisk over lang tid og eg er stolt over at ei felles leiargruppe samla har arbeidd for felles mål, seier ho.

God utvikling over tid

Klinikkdirektøren er heidra for​ si drivkraft, hennar systematikk og involvering av tilsette i forbetring og utvikling av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, over tid. 

PBU hadde i 2012 ei evaluering der fleire punkt for kvalitetsutfordringar blei identifiserte. Det var behov for ein tydelegare fagleg profil på tvers av dei ulike seksjonane i klinikken, spissa tilbod for lavprevalente pasientgrupper, betre interne pasientforløp og betre samarbeid mellom poliklinikkar og sjukehuspostar.

I 2013 ble det utvikla en visjon som seier at

"Klinikk psykisk helsevern for barn og unge skal vere eit av de fremste fagmiljøa i Noreg med høg fagleg kvalitet og likeverdigheit i tilbod på tvers av fagpersonar og seksjonar. Pasienten skal vere i sentrum, og klinikken skal drive kunnskapsbasert praksis."​

I dette arbeidet har Liv Kleve vore primus motor. Då psykologispesialisten kom tilbake til Noreg etter fleire år i England, hadde ho allereie lang erfaring med metodikkar for å utvikle tenester, og ho hadde planane for Klinikk psykisk helsevern for barn og unge klare.

Utvikling av ein forskingsn​ær klinikk

​Kleve ønskte at alle seksjonaleiarane på dei mange lokasjonane i PBU, skulle vere med i kvalitetsutviklinga. Dermed auka leiargruppa frå 5 til 16, for brei deltaking og forankring.

Deretter blei det utvikla ein strategi for fagutvikling, implementering og re-design av tenesta og klinikkens vidareutvikling av tilbod gjennom innovasjon og forsking. Ved systematisk bruk av forbetringsmetodikk og kompetanseheving blant tilsette, har klinikken testa ut og implementert 13 kunnskapsbaserte metodar, etablert tyngdepunkt/spesialteam for lav-prevalente pasientgrupper med tydelege pasientforløp mellom seksjonar og tyngdepunkt, oppdatert faglege standardar og etablert eit system for vedlikehald av ny metodikk.

I tillegg til dette arbeidet har Klinikk psykisk helsevern for barn og unge ein forskingsstrategi med hovudmål om å utvikle ein forskningsnær klinikk. Kvalitetsprosjekt blir videreutvikla til forskingsprosjekt, og klinikken kan vise til ei imponerende publikasjonsliste frå dette arbeidet dei siste fem åra​.

I tillegg til at Kleve takka Helse Vest for prisen, retta ho også ein stor takk til blant anna administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen, for hans satsing på barn og unge dei siste åra.

To prisvinnarar og to frå Helse Vest. Foto.

Frå venstre: Elisabeth Huseby, regional leiar Pasienttryggleik og kontinuerleg forbetring Helse Vest RHF, prisvinnarane Liv Kleve og Irene Elgen og Panchakulasingam Kandiah, ​assisterande fagdirektør Helse Vest RHF. Foto: Per Marifjæren.

Deler prisen med Irene Elgen, for "Tjenester på Tvers"

Eitt av prosjekta er Tjenster på Tvers, som gjennom fleire år har arbeidd systematisk for multi-henviste barn i alderen 6-12 år med høgt skolefråvær. Dei blir tilbode ein halv dag med teambasert "sam-konsultasjon" med barnelege, fysioterapeut og psykolog. Seksjonsoverlege og prosjektleiar Irene Elgen er oppteken av korleis barnet har det inni seg.

– Korleis kan vi hjelpe barn som seier dei har vondt i magen? Dette er barn som blir tilviste frå fastlegen, gjerne fleire gonger, fordi dei klagar på vondt i magen eller vondt i hovudet. Dei havnar då på gastro- eller nevrologisk avdeling. Mange av dei finn seg, av ulike årsaker, ikkje til rette på skulen. Men ingen klarer å finne ut kva som er gale, om noko er gale. Dei har ikkje nødvendigvis ein diagnose. Vi har arbeidd i sju år med dette, og vi veit at det finst ei rimeleg stor pasientgruppe med samansette helseplager, fortel Elgen.

Ei hjartesak for meg​

I prosjektet blir barnet plukka opp av ein forksningssjukepleiar og det blir sendt eit tilbod til foreldra, som ofte takkar ja til å vere med på ein "sam-konsultasjon". Dei får eit intensivt opplegg på ei veke, og då er det dei tre profesjonane barnelege, fysioterapeut og psykolog​ som er saman med barnet.

– Fleire av desse barna fell mellom fleire stolar og ideen er at ein enkelt spesialist ikkje kan klare dette åleine. Det er krevjande å arbeide i eit slikt team, men vi har gjensidig respekt for kvarandre, vi lærer av kvarandre og ved konstruktiv jobbing, får vi gevinst av arbeidet, fortel Elgen.

Denne teamutviklinga er også beskrive i eit eige doktorgradsarbeid. Resultata er svært positive, og har vakt stor interesse, og er blant anna nemnde i Nasjonal helse- og sjukehusplan.

– Det kan vere eit puslespel å finne ut kva som gjer at barnet får vondt. Dersom vi saman får ei avklaring, får barnet  eit verktøy til å handtere vondtane. Vi har opplevd fleire gonger at barn berre har trengt éin konsultasjon, og vi har fleire enkeltståande saker der barn har det betre etterpå – ​og går tilbake til skulen, seier Elgen.

I innleiande studium kan vi finne at avklaring av barnets helsetilstand kan frigjere ressursar hos barnet og auke skuledeltakinga. Pasientrapporterte data viser stor tilfredsheit hos barn og foreldre. Pilotering av modellen skjer også i andre helseføretak i regionen.

Klinikknær kvalitetforbetring

Målet med arbeidet er å auke livskvaliteten til barna, og sikre skolegang, slik at dei kan unngå utanforskap. Sett i relasjon til vidare livsløp og yrkeskarriere for desse unge pasientane , er skulegang av stor betyding, også i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Klinikknær kvalitetsforbetring, tett samakopla med forskingsbasert evaluering og re-design av tenestene, er særprega for denne intervensjonen, kan vi lese i dokumetet til ​forslagsstillaren til prisen.

Innovasjons- og kvalitetsutviklingsprosjektet har fått midlar frå både Helse Vest og Forskningsrådet.

Vinnarane får 100.000 kroner til klinikken, blomar og eit kunstverk. Prisen blei delt ut under Kvalitets- og registerkonferansen i Helse Vest, i Førde.​