Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Lanserer plan med ti tiltak for å auke pasienttryggleiken på legemiddelområdet

Målet er å redde liv og unngå alvorlege skader som følgje av legemiddelbehandling på sjukehusa i Helse Vest.

Publisert 28.09.2022
Sist oppdatert 28.04.2023
Hyller med legemidler, bilde

Legemiddel er ein vesentleg del av pasientbehandlinga. Samtidig er det faktoren som går att oftast i pasientskader og uønska hendingar i sjukehusa. Nokre gongar dessverre med alvorleg utfall for pasienten og til stor påkjenning for pårørande og involverte.

– Difor er legemiddel løfta fram som eitt av områda der Helse Vest ønskjer betre styring av risikoen, seier prosjektleiar for ROMLE, farmasøyt Tonje Folkvang.

Prioriterer områda med s​​​​​​tørst fare for stor skade

ROMLE står for risikoområde legemiddel og er eit regionalt arbeid med alle helseføretaka i  Helse Vest involverte.

Tonje Folkvang, prosjektleiar for ROMLE, portrett

Tonje Folkvang, prosjektleiar for ROMLE

​– I ROMLE-arbeidet er det brei semje om å prioritere områda der det er størst fare for stor skade, og pasientgrupper og legemiddel som er forbundne med størst risiko.

I fellesskap har helseføretaka i Helse Vest no definert ti konkrete tiltak fordelt på fire innsatsområde. Planen blir lansert i forbindelse med Kvalitets- og register-konferansen i Helse Vest​.

Godt ​​​​i gang

Ansvaret for å følgje opp tiltaka er delt mellom føretaka og eit regionalt koordineringsteam.

Og arbeidet med tiltaka er allereie godt​ i gang, ifølgje Tonje, som kjem med eit par døme.

–​ Eit av dei er å utvikle eit læringsspel der utrekning og fortynning blir simulert. Eit anna er å etablere ein regional beste praksis for legemiddelsamstemming.

​​​