Ny Helse Vest-rapport: Slik kan framtidas intensivkapasitet sikrast

Pandemien har vist at det er behov for å tenkje annleis rundt intensivkapasitet i sjukehusa. No har Helse Vest utarbeida en rapport som beskriv utfordringane ein ser og moglegheitene for å løyse dei.
Kvinnelig sjukepleiar med verneklede. Foto.
Foto: Katrine Sunde, Helse Bergen

– Manglande kapasitet og kompetanse på intensiv, intermediær- og post-operative einingar kan utgjera ein risiko i sjukehusa. Pandemien har sett søkjelyset på dette. Vi må finne berekraftige løysingar på det, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest.

Les den nye rapporten frå Helse Vest, som beskriv nettopp detteMå organisere ann​leis

portrettfoto av administrerande direktør, Cathrine Bryne.

Inger Cathrine Bryne. Foto: Kjetil Alsvik

Dagens turnover, oppgåvedeling, stillingsprosent og fråvær vil gi eit framskrive behov på 200 fleire intensivsjukepleiarar enn i dag. Denne utviklinga vil ikkje vera berekraftig.

– Har vi ikkje kapasiteten og kompetansen vi treng, vil dette potensielt kunna utgjera ein risiko for kvalitet og pasienttryggleik. Det kan også påverka tilgjengeleg kapasitet ved andre avdelingar, seier Bryne.

I framtida må oppgavane innen intensiv og overvaking blir annleis organisert. Ein må òg sjå på kven som gjer kva i einigane, slik at den kompetansen og dei ressursane ein har, blir brukt på beste måten. Det er viktig å setja inn tiltak.

​​​Tett samarbeid 

Bryne seier at tiltaka må skje i eit tett samarbeid mellom medarbeidarar, leiarar og tillitsvalde:

– Dette krev endring, men eg er sikker på at det vil vera motiverande for mange. Ingen kan eller skal erstatta kompetansen kvar og ein har. Men vi kan legga til rette for at kompetansen ein har tileigna seg kjem til god nytte, at det blir lagt til rette for utvikling og at fleire får god støtte i eit større team, fortset Bryne.

Rapporten f​oreslår

  • ​meir bruk av støttepersonell/oppgåvedeling
  • førebygging gjennom kompetanseheving i andre avdelingar
  • førebygging gjennom rettleiing i andre avdelingar
  • støtte til leiarar og leiarutvikling
  • teknologi og felles arbeidsflater
  • rekruttere motiverte medarbeidarar
  • lage berekraftige arbeidsplanar
  • kompetanseheving blant intensivsjukepleiarar, meir forsking og fagutvikling

Tiltaka skal bidra til å behalda, rekruttera og utvikla tilstrekkeleg fagleg kompetanse og kapasitet ved intensivavdelingane. Gjennom ein kombinasjon av førebygging av aktivitet på intensiveiningar og rett bruk av intensivsjukepleiekompetanse, sikrar vi ei utvikling i rett retning.

Resultat frå prosjektet skal brukast i arbeidet i føretaka med dimensjonering av intensivkapasitet, og sjåast i samanheng med lokale og regionale utviklingsplanar.