Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Nytt faktagrunnlag: Slik er turnoveren i Helse Vest

Eit nytt faktabasert kunnskapsgrunnlag, som Helse Vest står bak, viser kor mange medarbeidarar i sjukehusa på Vestlandet som sluttar i jobben og kvar dei blir av. Faktagrunnlaget skal no brukast for å finne dei rette tiltaka, slik at fleire av medarbeidarane med viktig kompetanse og erfaring held fram i jobben på sjukehusa. 

Publisert 24.03.2022
kirurg inne på operasjonsrom

​Den nye kartlegginga viser at den årlege eksterne turnoveren, altså kor mange medarbeidarar som slutta i jobben, er på om lag 5,1 prosent mellom 2015 til 2021. Av 22 302 medarbeidarar i alle slags pasientretta stillingar i heile Helse Vest, slutta 4448 av dei i løpet av dei nesten sju åra.

dame ser mot kamera

Hilde Christiansen er leiar for prosjektet og direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest. Foto: Kjetil Alsvik

Ingen fasit

 – Kva som vil vere for høg turnover skal ikkje slåast fast på regionalt nivå. For nokre grupper kan det vere for låg turnover, slik at dei får mange som naturleg avsluttar karrierane sine samtidig. For andre er det å rekruttere og behalde nok medarbeidarar over tid vanskeleg. Det viktige er no å bruke kunnskapsgrunnlaget godt, i kvart enkelt helseføretak, i eit tett og godt samarbeid på Vestlandet. Vi vil sikra at vi legg til rette best mogleg for at medarbeidarane som har den viktige kompetansen og erfaringa i sjukehusa, vil fortsetje i jobben, seier Hilde Christiansen, leiar for prosjektet og direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest. 

– Når vi seier at vi ikkje vil setje eit nivå på kva som er eit rett nivå på turnover, heng det saman med mange ulike faktorar. Det er heller ikkje rett å sjå til andre sektorar eller bransjar. Til det er det mange nyansar for ulike yrkesgrupper i kvart av helseføretaka ein må være merksame på, fortset Christiansen. 

KS (kommunenes sentralforbund) har til samanlikning publisert ein statistikk som viser ein høgare turnover-prosent i kommunar og fylkeskommunar. Den ligg på om lag 12,7 prosent mot omtrent fem prosent i Helse Vest. 

Christiansen trekkjer fram fleire funn som viktige å ta med seg framover. 

 – Vi ser at tendensen frå nokre år tilbake, der psykologar og psykologspesialistar toppar fråfalls-statistikken og at unge legar sluttar oftare enn mange andre yrkesgrupper, har festa seg. På den andre sida ser vi at fråfallet blant sjukepleiarar stabiliserer seg på tilsvarande nivå som for 2019 - trass i to krevjande år med pandemi. Det er likevel viktig å sjå nærare på kvifor sjukepleiarar som har nokre års erfaring, vel å slutte i helseføretaka og ta jobb i kommunehelsetenesta, seier Christiansen. 

Som ein del av prosjektet har Statistisk sentralbyrå òg kartlagt kvar medarbeidarane vart av og kvifor nokon slutta. Dette kunnskapsgrunnlaget viser at det i stor grad er flytting som ligg bak ein stor del av turnover for medarbeidarar. Medarbeidarane seier til dømes at det oftast er ein kombinasjon av forhold ved jobben og forhold utanfor jobben som gjer at dei vel å slutta, medan leiarar har andre oppfatningar av kvifor medarbeidarar sluttar.

Må finne dei rette tiltaka

No skal rapporten brukast til å gjere noko med den uønskte turnoveren. Målet er å finne dei gode tiltaka, som kan bidra til betre stabilitet, gode tiltak for å behalda og utvikla medarbeidarar. Det er viktig å ta vare på verdifull erfaring og kunnskap som finst i sjukehusa – samtidig som ein framleis skal vere open for nye impulsar og tankar. 

– Det er viktig å vere merksam på problemstillinga rundt uønskt ekstern turnover. Kunnskapen vi no har fått er eit viktig grunnlag for å kunne utvikle dei rette tiltaka. Det må skje i samarbeid med leiarar, tillitsvalde og vernetenesta, seier Christiansen.  

Helse 2035 og fem topp risiko

Dette arbeidet legg til grunn føringane i verksemdstrategien i Helse Vest, Helse 2035. Helsetenesta må bidra til utdanning og rekruttere godt dei næraste åra. Ekstern turnover er utheva som eitt av fem risikoområde i spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Med nye fakta framme, kan ein finna tiltak som bidreg til å behalde og utvikla Helse vest sine medarbeidarar. ​