Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Tid for influensavaksine i sjukehusa

Vinteren er influensasesong. — Me vil sterkt oppmode alle tilsette i sjukehusa som har pasientkontakt til å ta influensavaksine, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.

Publisert 02.12.2022
Sist oppdatert 24.04.2023
Mann nyser. Foto.

Mange av medieoppslaga om vaksine er knytt til fjerde dose av covid-19-vaksine. Denne er viktig for utsette grupper, men i desse førjulsvekene vil me minne om at det er viktig at flest moglege sjukehustilsette tek den ordinære influensavaksinen.
– Vaksinen har sjølvsagt fordelar for den enkelte, som slepp å bli sjuk eller slepp unna med milde symptom. Men det viktige er at ein høg vaksinasjonsrate gir ei robust helseteneste med lågare fråvær gjennom vinteren, seier Vikse.

Auke dekninga

Mål om minst 75 prosent vaksinasjonsdekning blant tilsette i sjukehus er skissert som krav i handlingsplan for eit betre smittevern.
– Føretaka i helseregionen vår jobbar aktivt for å auke vaksinasjonsdekninga blant tilsette og for å nå målsetjinga om minst 75 prosent vaksinasjonsdekning blant tilsette, seier smittevernoverlege Kristin Stenhaug Kilhus på Haukeland universitetssjukehus.

Kompetanseheving, motivasjon av tilsette og tilgjengelegheit av vaksine er sentrale faktorar for å auke vaksinasjonsdekning blant tilsette i sjukehus.
– Vaksinasjon går føre seg i hovudsak desentralisert ved kollegabasert vaksinasjon ute i einingane i sjukehusa, men det ligg også føre eit tilbod om sentralisert vaksinasjon ved sjukehusa, seier Stenhaug Kilhus.

Nå målet

Kollegabasert vaksinasjon aukar tilgjengelegheit av vaksine der den tilsette er. Modellen fordrar at vaksinatørar i einingane kan registrere vaksinar på ein formålstenleg måte. Sjukehusa i Helse Vest nyttar eit felles elektronisk registreringsverktøy for influensavaksine.
– Det er per i dag for tidleg å seie noko om del vaksinerte, men i tråd med resultat frå tidlegare år har me tru på at føretaka vil nå målet om 75 prosent vaksinasjonsdekning også for influensasesongen 2022/2023, seier Stenhaug Kilhus.​​