To vikarbyrå blir mellombels suspenderte etter kontraktsbrot
Helseføretaka sin eigen revisjon har avdekt at to vikarbyrå ikkje har betalt tilstrekkeleg overtidstillegg til vikarar leigde ut til norske sjukehus. Dette er eit klart kontraktsbrot, og leverandørane blir derfor suspenderte mellombels frå kontrakten.
Revisjonen er ein del av dei strenge kontrollrutinane norske sjukehus har for å sikre at innleigde vikarar har same lønns- og arbeidsvilkår som eigne medarbeidarar, i tråd med likebehandlingsprinsippet. Spesialisthelsetenesta har inngått nasjonale rammeavtalar for sjukepleiarvikarar, og det er leverandørar på denne avtalen som no har vorte kontrollert gjennom ein revisjon. Det vart avdekt alvorlege kontraktsbrot hos to av seks kontrollerte vikarbyrå. Dei alvorlege funna var blant anna at sjukepleiarvikarar ikkje har fått rett overtidsbetaling.
Revisjonen har kontrollert arbeidsavtalar, lønnsvilkår og arbeidstid. Dei alvorlege funna er hos dei to leverandørane Powercare A/S og Läkarleasing Sverige AB. Under revisjonen er det teke stikkprøvar hos leverandørane ved ulike tidspunkt i 2021. Desse tyder på at sjukepleiarane kan ha fått utbetalt ein for låg overtidssats gjennom avtaleperioden.
– Det er eit klart kontraktsbrot, og eit brot på arbeidsmiljølova, særleg likebehandlingsprinsippet. Leverandørane er derfor mellombels suspenderte frå kontrakta. Vi krev no at dei etterbetaler det vikarane har hatt krav på, og at dei betrar rutinane sine for å hindre liknande avtalebrot i framtida. Det er gitt frist på éin månad for å rette opp, seier Hilde Brit Christiansen, leiar for den nasjonale styringsgruppa for vikarinnkjøp, og direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.
Viser at revisjon fungerer
Avtalerevisjonar er eitt av tiltaka Sjukehusinnkjøp HF og dei regionale helseføretaka har for å sikre at vikarbyråa følgjer opp medarbeidarane sine i sjukehusa på rett måte.
Alle vikarbyråa i avtalen blir no kalla inn til eit felles møte og må innan 48 timar stadfeste at dei etterlever likebehandlingsprinsippet. Prinsippet går ut på at medarbeidarar som er innleigde frå eit bemanningsføretak, skal ha lønns- og arbeidsvilkår i tråd med likebehandlingsprinsippet.
– At vi avdekkjer slike brot viser at det er viktig at vi gjennomfører revisjonar blant alle leverandørar. Her ser vi at rutinane og systemet vårt fungerer. Poenget med avtalerevisjonar er å sikre at avtalevilkåra blir etterlevde og at vikarane blir varetekne, likebehandla og at dei får det dei har krav på, understrekar Harald I. Johnsen, divisjonsdirektør i Sjukehusinnkjøp HF, divisjon nasjonale tenester.
Strenge krav til vikarbyråa
For å sikre at det blir brukt seriøse aktørar, stiller Sjukehusinnkjøp saman med dei fire regionale helseføretaka svært strenge krav til leverandørar under innkjøp. Det blir blant anna gjennomført ein førehandsrevisjon av alle tilbydarar før dei får vere med i anbodskonkurransen, for å sikre at det er seriøse aktørar. I tillegg blir det følgt opp med revisjonar gjennom kontraktsperioden – med sanksjonsmoglegheiter dersom det blir avdekt brot.
– Utgangspunktet vårt er at vi skal ha flest mogleg fast tilsette medarbeidarar som dekkjer mest mogleg av behova sjukehusa har. Samtidig er det eit behov for vikarar, særleg i samband med ferieperiodar og akutte behov. Under pandemiperioden har vikarbyråa bidrege med viktig fagleg kapasitet i krevjande periodar, seier Hilde Brit Christiansen, og legg til:
– Det er derfor viktig at vi gjennomfører profesjonelle innkjøp av vikartenester. Sjølv om det er avdekt alvorlege kontraktsbrot no, er det store fleirtalet av leverandørane kompetente og seriøse aktørar, som tilbyr medarbeidarane sine gode og ryddige vilkår. Denne revisjonen viser at kontrollrutinane våre fungerer, og at vi klarer å avdekkje regelbrota dersom det skjer.
Stor aktør
Powercare A/S er ein av dei største leverandørane av vikarar på norske sjukehus, som i løpet av avtaleperioden frå oktober 2019 har levert rundt 450 000 vikartimar. Dette utgjer om lag 46 prosent av vikarbruken i helseføretaka. Rundt tre prosent av desse timane er overtidsstimar, der det er avdekt brot. Dei har levert kompetente og dyktige vikarar som har utført viktige oppdrag i sjukehusa.
Läkarleasing Sverige AB er ein mindre leverandør, og har levert rundt 45 500 vikartimar hittil i avtaleperioden. I denne perioden står Läkarleasing for om lag 4,6 prosent av alle leverte vikartimar til helseføretaka. Timane der det er gjort alvorlege funn, utgjer 19 prosent av dei totale timane Läkarleasing har levert.