Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Utlysing av regionale stimuleringsmidlar

Kvalitetsregistera er ei viktig kjelde for data til systematisk forbetringsarbeid. Du kan no søkje om midlar for å forbetre pasientbehandlinga ved å nytte data frå kvalitetsregistera.

Publisert 07.02.2022
Sist oppdatert 08.02.2022

Helse Vest lyser i 2022 ut regionale stimuleringsmidlar med søknadsfrist måndag 14.mar​​s. ​Målet med desse midlane er å stimulere kliniske fagmiljø i alle helseføretaka i regionen til å nytte registerdata til kvalitetsforbetring.

​Kven kan søkje?

Kliniske fagmiljø/avdelingar og/eller tilsette i lokale/regionale/nasjonale kvalitetsregister forankra i Helse Vest, kan søkje om midlar. Prosjekt som har forbetring som hovudføremål blir prioritert framfor forskingsprosjekt. Maksimal tildelingssum er 200 000 NOK. Midlane vil bli tildelt som ein eingongssum. Prosjektperioden er inntil 1 ½ år. Prosjektet skal vere ferdig innan 31.12.2023.

Det blir invitert til webinar med nærare informasjon på to ulike tidspunkt:
24. februar 9-10 og 13-14. Påmelding ved e-post til kvalitetsregistre@helse-vest.no. Vi sender deg lenke til webinaret.

Fyll ut dette skjemaet (Word) for å søkje
​Søknaden skal sendast til kvalitetsregistre@helse-vest.no​

Søknadsfrist er måndag 14. mars 2022

Kva må kome klart fram i søk​​naden?

​​Desse kriteria skal gjelde ved tildeling:

  • ​​det er eit tydeleg formulert problem, til dømes eit sub-optimalt resultat eller uønskt variasjon ut frå data i eit eller fleire kvalitetsregister 
  • data som kan brukast til kontinuerlege målingar skal hentast frå eit eller fleire kvalitetsregister
  • det er konkret målsetting for forbetring – tal- og tidfesta
  • det er bruk av forbetringsmetodikk i kvalitetsforbetringsprosjektet
  • det er plan for tverrfagleg involvering
  • det er plan for brukarmedverknad
  • det er plan for formidling av resultat
  • det er fagleg forankring
  • det er leiarforankring og lagt til rette for at prosjektleiar kan arbeide med prosjektet​

Presiser​ing:

Det blir ikkje tildelt midlar til investeringar i registera eller ordinær registerdrift, som til dømes kjøp, utvikling og/eller drift av elektronisk innrapporterings- og/eller resultatløysing.

Kva skal rapporterast ved prosjektslutt?

​Ein fagleg sluttrapport skal sendast til Fagsenter for medisinske kvalitetsregister innan 20.01.2024. Det skal gjerast greie for resultat av forbetringsarbeidet, særleg erfaringar som kan vere nyttige for andre fagmiljø i og utanfor Helse Vest. Det er eit mål å formidle resultat frå prosjekta og difor vil Fagsenteret be om ein posterpresentasjon av prosjektet. Denne vil bli formidla mellom anna på Fagsenteret si heimeside og  prosjektleiar vil bli oppmoda  til å formidle resultat i regionale og nasjonale fora.

Ubrukte midlar kan unntaksvis overførast utover prosjektperioden etter særskilt grunngjeving. Søknad om overføring av midlar må sendast til Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest seinast november året etter tildeling. Ubrukte midlar kan overførast ein gong.

Eventuelle spørsmål kan sendast til kvalitetsregistre@helse-vest.no​.