Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Vil bidra til ein betre kvardag i helsetenesta

– Årsaka til at eg tok denne jobben er at eg vil bidra til at den kliniske kvardagen blir betre for medarbeidarar og pasientar, seier Bjørn Egil Vikse. Møt den nye fagdirektøren i Helse Vest RHF.

Publisert 10.11.2022
Sist oppdatert 24.04.2023
Mann i skjorte. Smiler. Foto.

I august tok Bjørn Egil Vikse over jobben som fagdirektør i Helse Vest RHF, etter Baard-Christian Schem​. Han har spennande utfor​dringar framfor seg.

– Eg ser på dette som ei stilling med moglegheit til å påverka. Eg får jobba med fagpolitikk og føringane knytt til klinisk praksis, i tillegg til overordna problemstillingar om korleis kvardagen vil bli i helseregionen vår framover. Helse Vest sett mange premissar for spesialisthelsetenesta på Vestlandet, og det er spennande å vere ein del av det.

Moglegheit til å påverka​​

Ei lang og solid klinisk erfaring er noko av det han tar med seg inn i det regionale helseføretaket. Han kjem frå jobben som klinikkoverlege og forskar innan nyremedisin ved Haugesund sjukehus og Helse Fonna, og har jobba tett på pasientane. Han har bakgrunn som professor ved Universitetet i Bergen, er sjølv spesialist i indremedisin og nyresjukdommar og har vunne prisar for innsatsen på nyrefeltet. Vikse har mange tankar om den nye jobben.

– Spesialisthelsetenesta er i endring. Sjukehusa skal halde den gode kvaliteten på spesialisthelsetenestene oppe og auke pasienttryggleiken. Samstundes er det faktiske biletet at ressursane vil veksle mindre enn før. Budsjetta blir strammare og rekrutteringa er allereie krevjande. Dette vil prege helsetenesta framover. Løysinga vil, mellom anna, vere gode system, samhandling som fungerer og eit helsevesen med tydelege roller.

Vil løfte helsetenesta​​

Den nye fagdirektøren har høge mål for framtida. Han vil ha gode nok system til å løfte helsetenesta for både medarbeidarar og pasientar. Dei som jobbar i spesialisthelsetenesta skal ha verktøy som gjer at dei opplever at dei kan gjere ein god jobb. Då vil og pasientane oppleve at dei får god hjelp, meiner han.

Mann som sitterved skrivebord. Foto.

Bjørn Egil Vikse. Foto: Hanne Tveit

– Vi er inne i ei tid med stor satsing på digitalisering. Det er heilt avgjerande for å løyse utfordringane våre. Overordna skal vi leggje til rette for gode system, god kompetanse og gode sjukehusbygg. Med ein aldrande befolkning og færre i arbeidsfør alder framover, blir det helseføretaka si oppgåve å like fullt tilby gode og effektive helsetenester. Då må vi gjere klar for eit system som handterer tenestene for dei framtidige behova.

Sjølv flytta Vikse heim til Haugesund etter medisinstudiane i Bergen. Det ønskjer han at fleire skal gjere.

– Det skal vere bra å arbeide med helse på Vestlandet. Eg vil at vi skal ha meir attraktive arbeidsplassar her enn i andre regionar. Då må vi gjere Vestlandet attraktivt. Målet er at vi utdannar folk frå Vestlandet til å jobbe på Vestlandet. Dessverre ser vi at mange reiser austover etter end utdanning, det ønsker me å redusera.

Forsking i heile regionen​​

Eit anna mål for den nye fagdirektøren er å spreie forskinga betre i heile regionen. Det er store forskingsmiljø i Helse Bergen og Helse Stavanger. Det går føre seg forsking i dei mindre helseføretaka og, men Vikse vil ha meir forsking både i Helse Førde og Helse Fonna.

– Det å drive med klinisk forsking aukar kvaliteten også i den kliniske drifta. Derfor er det viktig å spreie forskingsaktiviteten til alle sjukehusa. Samstundes leverer Helse Vest godt innan forsking. Vi konkurrerer godt med dei andre regionale helseføretaka og på fleire områder er vi vel så gode som andre. Når Nasjonalt program for klinisk behandlingsforsking i spesialisthelsetenesta (KLINBEFORSK) delte ut 100 millionar til klinisk forsking tidlegare i år, var fire av fem prosjekt frå Vestlandet. Det viser at vi er relevante og har eit spennande fagmiljø. Eg trur vi vil sjå mykje bra frå regionen vår dei kommande åra.

Ei utviklande reise​

Bjørn Egil Vikse starta i sin første legejobb ved Haukeland Universitetssjukehus i 2000 men har dei siste 5 åra i Haugesund hatt ansvaret for å ta godt imot medisinstudentar, LIS1 og LIS2 i Medisinsk Klinikk. Her jobba han blant anna med organisering og drift av legetenesta, opplæring av legar i spesialisering og kvalitetsarbeid, i tillegg til forskingsarbeidet.

– Det er ei utviklande personleg reise å jobbe i spesialisthelsetenesta. Eg trur at det er noko av det mest utviklande ein kan gjere. Ein blir kjent med seg sjølv og med menneske. Det å jobba med pasientar gjer at ein blir trygg på kva som er viktig i livet. Det har i alle fall endra meg som menneske.​​