Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Helse Vest bruker nynorsk

Kyrkje- og kulturdepartementet har slått fast at Helse Vest skal følgje mållova. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Helse Vest har derfor nynorsk som tenestemål.

Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar skal vere på nynorsk. Det er grunnen til at alle lesarar, også dei som er bokmålsbrukarar, får informasjonen på nynorsk.

Alle føretaka i Helse Vest har nynorsk som tenestemål. Unnateke er Helse Stavanger, som er fristilt og kan bruke både bokmål og nynorsk.

Regionale helseføretak er rekna som "statleg organ"

Språklova - forskrift om målbruk i helseføretak (Lovdata)

Sist oppdatert 17.04.2023