Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Nærland Rehabilitering

Nærland Rehabilitering ligg på Nærbø i Hå kommune på Jæren. Klinikken tilbyr rehabilitering for pasientar med kreft, sjukleg overvekt, hjartesjukdommar og lungesjukdommar, i tillegg til både dag- og døgntilbod for arbeidsretta behandling.

Mann går med staver, på ei Jærstrand. Foto.

Foto: Nærland Rehabilitering

Nærland Rehabilitering har eit dag- og døgntilbod for arbeidsretta behandling, og eit døgntilbod til følg​​jande diagnosegrupper:

​​​Hovudin​​nhaldet i tilbodet på Nærland

Mål for re​habiliteringa​

  • Auke meistring av livet etter sjukdom, eller å leve med langvarig sjukdom og eventuelle følgetilstandar. Auka innsikt og kjennskap til eigen helse, større motivasjon, auka arbeidsevne og livskvalitet. Legge til rette for varig livsstilsendring. Betre det fysiske aktivitetsnivået, bevare og betre funksjon i dagleglivet, fysisk, psykisk ​og sosialt. Innarbeide rutinar for fysisk aktivitet og regelmessige måltid.

  • For hjartepasientar: redu​​sere risiko for ny sjukdom.

  • For lungepasientar: brem​​se progresjon og forverring av sjukdommen.

  • For overvektspasienta​​r: Legge til rette for vektreduksjon. Forberede pasientar som er klarert for fedmeoperasjon, på operasjonen og tida etterpå.

Tiltak for å ​​nå måla​

  • Kognitiv tilnærming og oppmerksomhetstrening (Mindfulness)

  • Kartlegging, målformulering, individuelle samtalar og fysisk test for å tilpasse rehabiliteringa best mogleg til den enkelte.

  • Individuelle samtalar med sjukepleiar og fysioterapeut, eventuelt også med lege, ergoterapeut/ jobbrådgivar og ernæringsfysiolog.

  • Gruppebasert tilbod med individuelle tilpassingar

  • Røykavvenningskurs

​​​I det arbeidsretta​ tilbodet legg ein vekt på:

  • Tilbodet byggjer på ein integrert modell for opptrening/rehabilitering og tilbakeføring til arbeidslivet.

  • Tilbodet er arbeidsretta med fokus på arbeidsforholda og arbeidsplassen til pasienten.

  • Hovudfokus er på funksjon framfor diagnose.

  • Pasienten får rettleiing i å formulere mål for opphaldet og hjelp til å finne aktuelle tiltak for å nå målet.

  • Pasienten skal ha ei aktiv rolle i sin eigen rehabiliteringsprosess.

Bistandsbeh​​​ov

​Alle​ pasientar ved Nærland Rehabilitering får enklare hjelp og assistanse ved behov. I tillegg kan om lag 14 prosent av plassane ved senteret ta imot pasi​entar med behov for døgnkontinuerleg assistanse og tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og måltid. Bistandsbehova kan også skyldast lettare kognitive vanskar.

Faggrupp​er

Tverrfagleg rehabilitering ved​​ Nærland Rehabilitering blir utført av følgjande faggrupper:

  • Legar (allmennlege i spesialisering, spesialist i lungemedisin, spesialist i indremedisin)

  • Sjukepleiarar

  • Fysioterapeutar

  • Ernæringsfysiolog

  • Ergoterapeut

  • Psykolog

  • Aktivitør

Nærland Rehabilitering

Besøksadresse:
Nærlandsparken
Grenseveien 12
4365 Nærbø

Postadresse:
Same som over

Tlf: 920 66 484

E-post: naerland@rehabiliteringsklinikkene.no

Heimeside:  Nærland Rehabilitering

Sist oppdatert 13.02.2024