Tilvising rehabilitering

Vi har følgjande rutinar for tilvising til rehabilitering i private rehabiliteringsinstitusjonar i og utanfor regionen:

Tilvising frå fastlegar og privatpraktiserande avtalespesialistar:​​

Tlvisingar til rehabilitering i private rehabiliteringsinstitusjonar i og utanfor regionen skal sendast:

Den regionale vurderingseininga for rehabilitering​

Den regionale vurderingseininga vil utifrå behovet til pasienten finne det rehabiliteringstilbodet som er best eigna. Dette gjeld også for tilvising til Raskare tilbake i dei private institusjonane.

Adresse:​

Regional vurderingseining for rehabilitering
Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering
Østre Nesttunvei 2​
5221 Nesttun

Tilvisingar frå sjukehus skal sendast direkte til den ​aktuelle institusjonen:

Oversikt over institusjonane​ Meir om rettar og annan informasjon Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering Regional​ koordinerande eining (RKE)​

​​​

Meir informasjon om tilvising rehabilitering​

​Tilvisingsskjema​

​Skjemaet finn du på ​nettstaden til Den regionale vurderingseininga​​ 

Det er viktig at informasjonen som blir etterspurt går fram av tilvisinga. Informasjonen er nødvendig for at vurderingseininga skal kunne foreta ei korrekt vurdering og for å finne det rehabiliteringstilbodet som er best eigna for pasienten. Beskriving av funksjonsnivå og mål for opphaldet er viktig i denne samanhengen.

Prioritering​​​​

Tilvisingane til rehabilitering i private rehabiliteringsinstitusjonar blir vurderte og prioriterte i tråd med prioriteringsforskrifta og prioriteringsrettleiarane. Dei pasientane som treng rehabilitering i spesialisthelsetenesta mest, får "rett til nødvendig helsehjelp".

Desse pasientane skal prioriterast framfor dei som ikkje blir vurderte til å ha eit like stort behov, men som likevel skal ha eit tilbod om rehabilitering i spesialisthelsetenesta.

Vurderingseininga vil ut frå beskrivinga av behova til pasienten i tilvisinga, finne det rehabiliteringstilbodet som er best eigna. Nokre pasientar vil bli vurderte til ikkje å ha behov for rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Desse pasientane kan likevel trenge oppfølging i kommunen.

Tilbodet er ikkje retta mot personar som hovudsakleg treng pleie, omsorg, kvile eller avlasting. Ved inntak blir det lagt vekt på at pasienten kan nyttiggjere seg tilbodet, og at institusjonen har eit tilbod som kan gi pasienten ønskeleg helsemessig betring.

Ulike typar tilbod​​​​

Tilbodet gjeld både døgn- og dagopphald og tilbod innanfor ordninga «raskare tilbake».

​Alle pasientar får ei individuell vurdering og tilpassa rehabilitering ut frå individuelle mål. Tilbodet kan bli gitt både individuelt og i grupper. Opphaldstida vil vere tilpassa den individuelle vurderinga av behovet til pasienten og rehabiliteringsprogramma ved institusjonen.

Rehabiliteringstilbodet er tverrfagleg og inneber mellom anna funksjonsvurdering, funksjonstrening og andre rehabiliteringstiltak, undervisning, læring og meistring.

Alle pasientar får enklare hjelp og assistanse ved behov. I tillegg har dei fleste institusjonane tilbod til pasientar med behov for døgnkontinuerleg assistanse og tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og måltid.

Bistandsbehova kan også skuldast lettare kognitive vanskar. Institusjonane har også ein avgrensa kapasitet til å ta imot nokre pasientar med eit særleg stort bistandsbehov innanfor nokre diagnosegrupper (meir informasjon under kvar institusjon).

Tilbodet innanfor ordninga "raskare tilbake" skal få sjukmelde raskare tilbake i arbeid. Personar som er sjukemelde eller som står i fare for å bli sjukemelde, kan få eit tilbod om raskare spesialistbehandling gjennom ordninga. Alle fastlegar skal vurdere om sjukemelde pasientar kan komme raskare tilbake i jobb gjennom tilvising til tilbod tilpassa denne målgruppa i spesialisthelsetenesta.

Individuell plan, koordinator og koordinerande eining​​

Pasientar med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett til å få utarbeidd individuell plan (IP). Uavhengig av om dei ønskjer individuell plan, skal pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester få tilbod om koordinator i kommunen og/eller i spesialisthelsetenesta (i dei private rehabiliteringsinstitusjonane).

Koordinatoren skal sørgje for nødvendig oppfølging av den enkelte pasient, samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med ein eventuell IP. (Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator).

Eigendel​​​

Pasienten må betale ein eigendel for opphald i institusjon. Eigendelen gjeld også for dagopphald. Eigendelen inngår i ordninga med eigendelstak 2.

Reiseutgifter​​​

Nødvendige reiseutgifter til institusjonar som Helse Vest RHF har avtale med, blir dekte (trekt frå eigendelen ved reise). Du finn meir informasjon om pasientreiser på http://www.pasientreiser.no/. Her finn du også informasjon om kva reglar som gjeld ved reise til institusjonar utanfor regionen som andre regionale helseføretak har avtale med.

Meir informasjon​

Meir informasjon om tilbodet finn du på nettstaden til Den regionale vurderingseininga.

Spørsmål kan rettast til grønt nummer ReHabilitering 800 30 061 eller til Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, tlf. 55 91 85 40.​

Private tilbod rehabilitering

​Desse har avtale med Helse Vest​

Raskere tilbake rehabilitering

​​Informasjon om tilbod og tilvising​

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.