Helse og arbeid

Arbeidsretta behandling

Helse og arbeid er ei vidareføring av arbeidsretta behandlingstilbod etter at ordninga "Raskere tilbake" blir lagt om frå 2018. Tilbodet er i hovudsak for personar med psykiske lidingar (angst, depresjon) og muskel-/skjelettlidingar.

Omlegginga inneber at fastlegar og aktuelle tilvisarar skal tilvise aktuelle pasientar til spesialistehelsetenesta, på same måten som for alle andre pasientgrupper. Tilvisingane vil handterast på same måten som for andre pasientar, og retten til behandling vil vurderast i tråd med gjeldande prioriteringsprinsipp.

Tilbodet blir gitt i sjukehusa våre og hos private leverandørar innanfor psykisk helse og rehabilitering.

Sjukehusa har informasjon om arbeidsretta behandling og tilvising

Helse Førde - Førde sentralsjukehus Helse Bergen - Haukeland universitetssjukehus Helse Fonna - Haugesund sjukehus Helse Stavanger - Stavanger universitetssjukehus

Arbeidsretta behandling hos private med avtale

Rehabilitering Psykisk helse

Arbeidsretta behandling

Formålet med arbeidsretta behandling er å bidra til betre helse og arbeidsevne, og betre jobbmeistring og livskvalitet. Behandlinga har både helse og arbeid som mål. Med arbeid forstår vi her også skule og utdanning.

At behandling og tilbakeføring til arbeid/utdanning skjer samtidig, er ein nøkkel til at arbeidsretta behandling og rehabilitering skal verke. Målgruppene for behandlingstilbodet er personar med rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta, der det blir vurdert å vere auka fare for funksjonsfall utan tilbod om arbeidsretta behandling.

Nyheitssak frå Helse Vest januar 2018Les meir på helsedirektoratet.no

 


Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.