logo Helse Vest

Kven kan søkje forskingsmidlar?

Som hovudregel må søkjaren vere tilsett (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Les meir om dette og unntak frå regelen under.

Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet

Tilsettingskrav

Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.

Ved søknadar om doktorgradsstipend skal ph.d.-kandidaten stå som søkjar. Anten søkjar, hovudrettleiar eller prosjektleiar må vere tilsett (i minimum 20 %) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat, ideell institusjon ​som har avtale med Helse Vest. Tilsetjinga må komme fram i CV til søkjar, hovudrettleiar og eller prosjektleiar. 

Ved søknadar om kliniske forskarstipend skal søkjar vere tilsett i helseføretak/private, ideelle institusjonar i regionen, og ha si stilling i klinisk eller paraklinisk verksemd i minimum 50 % stilling. Forankringsavtale kan ikkje nyttast for denne kategorien.  

Søknadstilgang for ikkje-tilsette

​Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved følgjande institusjonar søkje med forankringsavtale:

  • universitet og høgskular i regionen
  • rus- og rehabiliteringsinstitusjonar

Forankringsavtalen skal inngåast mellom helseføretak/privat, ideell institusjon ved klinikk, avdeling eller liknande og søkjarens institusjon ved instituttnivå eller motsvarande. Avtalen skal signerast i tråd med fullmaktsstrukturen i institusjonane, og skal minimum vere på nivået klinikkdirektør, instituttleiar e.l.

Merk!  Forankringsavtale kan ikkje nyttast for søknadskategoriane klinisk forskarstipend og klinisk karrierestipend.  

Forankringsavtale for søknadsåret 2025

Merk:​

  • Signert skjema må skannast og leggjast ved søknaden som del av "Alle andre vedlegg".

  • Ved eventuell tildeling skal personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon).

  • ​Det må leggjast fram ny forankringsavtale for kvar søknadsrunde.

Revidert juni 2024.

Last updated 5/29/2024