Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Utlysing av såkornmidlar 2022

Har du ein forbetringsidé? No kan du søkje Helse Vest om midlar. Helse Vest deler kvart år ut såkornmidlar til lokale initiativ for å stimulere til pasienttryggleiksarbeid og kvalitetsutvikling i helseføretaka. Søknadsfristen er 21. februar 2022.

Publisert 01.12.2021
Person i klatrevegg. Illustrasjonsfoto.

Helse Vest reknar med å dele ut 3,1 millionar kroner i såkornmidlar i 2022.

Midlane blir delte ut til lokale initiativ som er forankra i helseføretaka og i private, ideelle institusjonar i Helse Vest. Formålet med prosjekta skal vere å prøve ut forbetringstiltak i liten skala, før dei eventuelt kan breiddas ut til fleire einingar.

Helse Vest oppmodar søkjarar om å knytte såkornsøknaden til aktuelle utfordringar eller risikoanalysar som avdelingane har. Bakgrunnen for prosjektet kan f.eks. ta utgangspunkt i data frå Synergi, avviksmeldingar, risikoanalysar, ForBetring og/eller andre relevante kjelder.

Helseføretak/institusjonar må sende inn samla søknad, i prioritert rekkjefølgje, til Helse Vest innan 21. februar 2022.

Merk at ditt føretak kan ha lokale fristar for innlevering av søknad for å nå den regionale fristen.

Les meir og finn søknadsskjema