Tildeling av Helse Vests forskingsmidlar 2023

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon har 25. november 2022 tildelt midlar til 57 av dei totalt 245 søknadene som var sende inn innan fristen 15. september. I tillegg har 160 stipendiatar og prosjekt fått vidareført finansieringa si. Vel 182 millionar kroner går til å finansiere nye og vidareførte prosjekt og stipend.

Grafikk av ulike tegninger i blåtoner.

Tildelinga av frie midlar, utan tematiske føringar, tar utgangspunkt i søknadene som er sende inn innan fristen 15. september 2022. Minimum 75 prosent av forskingsmidlane i Helse Vest skal gå til prosjekt som søkjer desse midlane. I tillegg til tildelinga av dei frie midlane, har samarbeidsorganet vidareført tildeling til 15 strategiske prosjekt og satsingar.

Samarbeidsorganet sine retningslinjer og rammer for søknadsprosessen er førande for arbeidet som er gjort av dei eksterne vurderingskomiteane denne hausten. Dei har blitt godt ivaretekne gjennom evalueringsprosessen, leia av professor Tom Mala, som er ny leiar av vurderingsarbeidet.

Kv​​alitet og nytte

Søknadene er vurderte ut frå dei to likeverdige vurderingskriteria vitskapleg kvalitet og (klinisk) nytte. Vurdering av kvalitet og nytte er utgangspunkt for vurdering av søknadene, men i den endelege prioriteringa mellom gode prosjekt, er også regionalt samarbeid, fordeling mellom fagfelt og mellom forskingsmiljøa tillagt vekt. Dette er forankra i retningslinjene for søknadsvurdering. For meir informasjon om vurderingskriteria, sjå formål og kriterium ​for Helse Vests forskingsmidlar.

– Sjølv om det i år kom inn færre søknader enn i tidlegare år, er konkurransen fortsatt hard, seier Tom Mala. Søknadsporteføljen viser fleire sterke, etablerte forskingsmiljø og nokre fagmiljø som er under utvikling, og kompleksiteten er stor.

– Arbeidet i komiteane har vore prega av grundige og gode diskusjonar. Signala frå samarbeidsorganet om bruk av ein normalisert skår som førande for arbeidet på sjølve vurderingsmøta,  ga meir tid til diskusjon rundt søknader som kunne nå opp i prioriteringa. Nytt i år er også at søknader som ikkje er funne støtteverdige eller som ikkje fekk full plenumsbehandling, får ein standard tilbakemelding​.

Klar veg til klinisk praksis

​– Samarbeidsorganet si presisering av nyttekriteriet på kort og lang sikt, med vekt på framstillinga til søknaden av ein klar veg til klinisk praksis, er implementert etter beste evne. Det er likevel utfordringar knytte til dette. Nokre av søknadene er i denne samanhengen særs optimistiske, og i den endelege prioriteringa har dette ført til at gode søknader ikkje er innstilte.

– Vi er glade for at vi også i år kan tildele eit klinisk karrierestipend til ein kvalifisert søkjar med eit spennande prosjekt innanfor stamcelleforsking, avsluttar Mala. 

Les meir om tildelinga (PDF) 

Tildeling 2023 og søknader p​å venteliste (PDF) 

Vidareførte stipend og prosjekt (PDF)


Tildelingsbrev blir sende ut så fort som råd. Tilbakemelding til alle søkjarane vil bli sendt ut seinast 16. desember.