Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Formål og kriterium

Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga. Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å sikre forsking og oppbygginga av forskingskompetanse i helseføretaka.

Page in English​​​​​​​

Dei utlyste forskingsmidlane skal gå til klinisk pasientretta forsking og helsetenesteforsking. Klinisk pasientretta forsking inkluderer også mellom anna registerforsking, laboratorieforsking og anna forsking som er nødvendig for at spesialisthelsetenesta skal kunne tilby gode, sikre og effektive helsetenester.

Ein vesentleg del av midlane skal gå til forskarutdanning og bygging av forskingskompetanse gjennom utdeling av doktorgrads- og postdoktorstipend. Forskingskvaliteten skal styrkjast gjennom bygging av regionale forskingsnettverk, og gjennom nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid.

Det er eit mål at forskingsmidlane blir nytta slik at dei sikrar god fagleg og geografisk breidde i forskinga, at dei større miljøa er i stand til å søke om midlar frå til dømes Forskingsrådet og EU. Det er i tillegg eit mål at dei tildelte midlane er i produktivt virke og at andelen ubrukte midlar er låg.

Kriterium for til​​deling av forskin​gsmidlar

Søknadane blir vurderte ut frå vitenskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet åleine ikkje er tilstrekkjeleg for tildeling av midlar. I tillegg er det stilt krav til obligatoriske element i søknaden.

Vurdering av kvali​​tet​​​ (​​50 %)

Kvalitetskriteriet er ei vurdering av den vitskapelge kvaliteten til prosjektet, søkjaren og forskingsmiljøet.

Følgjande element inngår i kvalitetskriteriet:

Design og origina​​​l​itet​​ (20 ​​​%)

  • Vitskapleg bakgrunn for prosjektet, oversikt over forskingsfronten, aktuell referanselitteratur
  • Framstilling av hypotesar, mål og milestolpar
  • Beskriving av stillingar (spesielt viktig for PhD) og roller
  • Fagleg nyheitsverdi og originalitet når det gjeld forskingsfronten på fagområdet
  • Innovasjonsgrad, utfordrar prosjektet, for eksempel gjennom bruk av teori/metode, gjeldande praksis?

Mogleg å gjennomfø​​r​e? (20 %)

  • Realistisk og hensiktsmessig plan for gjennomføring (datainnsamling, metodar, analyser, statistikk osv.)
  • Identifisert risiko med eventuelle alternative strategiar for gjennomføring
  • Tilgjengelege data frå pilotprosjekt, andre preliminære data der det er relevant
  • Realistisk budsjett

Søkjar og forskingsmiljø​e​​​t (10 %)

  • Kompetanse og kvalifikasjonar
  • Kompetanse relatert til prosjektleiing/rettleiing
  • Infrastruktur, tilgang til utstyr og ressursar, fagleg nettverk
  • Relevante samarbeidspartnarar og læringsmiljø
  • Tverrfaglegheit der relevant

Vurdering av nytte​​​ ​​(50 %)

Nyttevurderinga er ei vurdering av prosjektets nytteverdi/betyding for pasientar og helsetenesta.

Følgjande element inngår i nyttekriteriet:

Grunngiving i behov ​​(20 %)​

  • Behov i spesialisthelsetenesta
  • Målgruppe(r) til prosjektet, det vil seie pasientgruppe(r), pårørande, andre identifiserte brukarar
  • Dekking av kunnskapshol

Implement​e​ring (20 %)

  • Realistiske implementeringsplanar/translasjon av forsking til forbetra praksis
  • Realistisk tidsperspektiv (kort/lang sikt)
  • Identifiserte avhengigheitar til utvikling på andre område, alternative strategiar

Betyding av ny kunnskap​ og kompetans​ebygging (10 %)

  • Realistisk betyding for helsetenesta, moglege forbetringar av eksisterande tilbod/praksis
  • Relevans av kunnskap, dekking av kunnskapshol, akademisk nytte
  • Samfunnsnytte, moglegheit for generalisering/brei bruk av kunnskapen

Obligatoriske elem​​ent i søknaden​​​

Gjennomslagskraft ​​og synlegheit​

  • Plan for formidling (publikasjonar, artiklar, websider osv.)
  • Andre relevante måtar å spreie ny kunnskap på, både nasjonalt og internasjonalt​

Plan for brukarm​​edverknad

  • Omtale av brukarmedverknad, grunngiving dersom brukarmedverknad ikkje er relevant.

Tilleggskriterium for enkelte søknadskategoriar

For bestemte søknadskategoriar er det fastsett kriterium i tillegg til kriteria kvalitet og nytte. Dette gjeld følgjande søknadskategoriar:

Open prosjektstøtte

Samarbeidsorganet er oppteke av regionalt samarbeid for å utnytte kompetanse og ressursar på ein god måte, og samtidig skape robuste, regionale nettverk. Samarbeid er også viktig for at fagmiljøa i regionen skal kunne hevde seg i konkurransen om midlar på nasjonalt og internasjonalt nivå. Ved vurdering av søknadar i søknadskategorien «open prosjektstøtte» vil regionalt samarbeid derfor bli vekta positivt. Regionalt samarbeid er i denne samanheng forskingssamarbeid mellom institusjonar i ulike geografiske delar av regionen. 

Stipend til kliniske studiar (20 prosent)

Målet med stipend til kliniske studiar er å styrke rekruttering av helsepersonell med fullført ph.d.-grad til forsking. Målgruppa for stipenda er helsepersonell som ikkje, eller i liten grad, har vore aktive i forsking etter avlagt doktorgrad. Søknader om Stipend til kliniske studiar (20 prosent) blir vurdert ut frå regional  deltaking i prosjekta stipendet skal bidra inn i og nytten for avdelinga under og etter stipendperioden, sjå retningslinjene for søknadskategorien. Gitt at søknadene elles fyller kriteria, vurderast både fagleg og geografisk fordeling av stipenda. 

Klinisk karrierestipend

Klinisk karrierestipend blir tildelt forskarar som vil byggje opp forskingsmiljø. Det vil derfor bli stilt ekstra sterke krav til søknadar i denne kategorien. Søkjar må ha vist evner til sjølvstende og det vil bli lagt vekt på om søkjaren vil vere i stand til å byggje opp sitt eige forskingsmiljø i løpet av prosjektperioden. Dette må komme tydeleg fram i søknaden. Forskingsproduksjonen til søkjaren vil bli vurdert opp mot omfanget av klinisk verksemd.

Brukarmedver​​knad i forsking

Det er krav om brukarmedverknad i forskingsprosjekt i spesialisthelsetenesta, jf. helseføretakslova § 35.

Brukarmedverknad er når brukarar er med å påverke, utvikle og endre helseforskinga. Brukarane kan delta i fasar av forskingsprosjektet og/eller på et meir overordna strategisk nivå. Brukarmedverknad er ikkje henting av data frå pasientar og pårørande som har rollen som studieobjekt/respondent.

Alle søkjarar skal gjere greie for eventuell brukarmedverknad i prosjektet eller kvifor dette ikkje er aktuelt. Manglande brukarmedverknad eller manglande utgreiing om kvifor brukarmedverknad ikkje er aktuelt vil føre til at søknaden blir lagd til side.  

​Forskere som får Helse Vests forskningsmidler, skal ha gjennomført kurs i brukermedverknad​. Tilsette i helseføretaka får kursbevis om dei gjennomfører kurset gjennom læringsportalen.  

Søknadskatego​​riar

Alle dei aktuelle søknadskategoriane som det kan søkjast på, vil bli kunngjorde i den årlege utlysinga av midlar, i tilegg til i søknadsskjemaet eSøknad. ​Det er utarbeidd eigne retningsliner for søknadskategoriane.

Dei opent utlyste forskingsmidlane blir fordelt slik mellom dei ulike søknadskategoriane:

  • Forskarstipend: 60 %
  • Fleirårige prosjekt og karrierestipend: 40 %

​Forskarstipend omfatter også doktorgrads- og postdoktorstipend. Det er eit mål at fordelinga mellom doktorgradsstipend og postdoktorstipendskal vere på 60/40.

Oppdatert april 2025

Sist oppdatert 15.05.2025