Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest
Skjerm som viser ulike poster på eit sjukehus. Foto.

Behandlingsstader

Når du blir tilvist til behandling, vil du som oftast bli teken i mot på eit av sjukehusa  våre. Men du kan også få hjelp andre stader.

​​​Som pasient på Vestlandet kan du få hjelp både i dei offentlege sjukehusa og i dei private sjukehusa, institusjonane eller spesialistane som Helse Vest har avtale med. For å kome i kontakt med spesialisthelsetenesta, må du ha tilvising frå legen din.

Ventetida kan variere mellom sjukehusa og institusjonane, både innanfor for Helse Vest og i resten av landet. Du har rett til å bruke ordninga "Velg behandlingssted".

Behandling i sjukehusa​​

Helse Førde - Førde sentralsjukehus

Helse Bergen - Haukeland universitetssjukehus

Helse Fonna - Haugesund sjukehus

Helse Stavanger - Stavanger un​iversitetssjukehus​

​Haraldsplass Diakonale Sykehus

 

Vel behandlingsstad

Skal du til undersøking eller behandling ved eit sjukehus? Du kan sjølv velje behandlingsstad på Helsenorge.

Velg behandlingssted (Helsenorge)​

 

Behandling i private sjukehus og hos avtalespesialistar som har avtale med Hel​se Vest

Vi har avtalar med fleire private sjukehus og andre som tilbyr spesialisert behandling. Avtalane er knytte til bestemte behandlingstilbod der det kan være litt ventetid i våre offentlege sykehus. Du kan også få tilvising til ein privat leverandør dersom lokalsjukehuset ikkje har tilsett ein spesialist som kan behandle deg.​

Alt om avtalar med private

Avtalespeisalistar (lege- og psykologspesialistar)

 

Behandling i utla​ndet

​​Utanlandsbehandling (Helse Bergen)

 

Meir om behandling

Sist oppdatert 28.02.2024