Helse Vest har avtalar med fleire private aktørar innanfor ulike område. For å kome i kontakt med dei, må pasienten ha tilvising.
Fakta om dei private avtalane i Helse Vest
Helse Vest RHF hadde per 31. desember 2018 driftsavtalar med 274 privatpraktiserande spesialistar, 132 innanfor somatikk og 142 innanfor psykisk helsevern. Dei fekk driftstilskot frå Helse Vest RHF.
I tillegg hadde det regionale helseføretaket driftsavtale med sju private ideelle sjukehus og institusjonar innanfor somatikk og psykiatri, åtte private rusinstitusjonar og sju private rehabiliteringsinstitusjonar i vår region. Helse Vest har også åtte tilleggsavtalar knytt til Helse Sør-Øst sine avtaler med private rehabiliteringsinstitusjonar, fordi desse institusjonane blir nytta av pasientar frå Helse Vest. Vi har også avtalar med to private leverandørar om poliklinisk arbeidsretta behandling for personar med angst og depresjon.
For å auke kapasiteten på område der det er lang ventetid, er det inngått avtaler med private tilbydarar. Helse Vest har avtalar med fire private kommersielle sjukehus, to i Bergen, ett i Haugesund og ett i Stavanger. Helse Vest har avtale med fire private laboratorium og tre avtalar om radiologitenester (same leverandør, men på tre ulike plassar – Bergen, Haugesund og Stavanger).
Kven har vi avtalar med?
Lege- og psykologspesialistar
Private, ideelle institusjonar
Kirurgi - private, kommersielle sjukehus
Rehabilitering - private avtalar
Rusbehandling - private avtalar
Røntgen og laboratorium - private avtalarHelse og arbeid (tidlegare Raskere tilbake)
Rehabilitering og psykisk helse
Private behandlingsstader med avtale, landsoversikt på helsenorge.no