logo Helse Vest

Forskar og avtalespesialist: Med auge for gransking

Augespesialist Kjell Gunnar Gundersen er stolt. Etter 25 år som privatpraktiserande spesialist kan han vise til fleire årlege forskingsartiklar, fleire doktorgradsstipendiat på klinikken og heile 20 tilsette.

Publisert 31.10.2022
Sist oppdatert 24.04.2023
Mannelig lege foran et behandlingsapparat, bilde i klinikken

​Det er visst ein heilt vanleg dag hos augeklinikken Ifocus i Haugesund. Det er til og med ein litt roleg dag, for i dag er det ingen operasjonar. Likevel yrer det av folk, meldingar, telefonar og kontrollar. Augelegen, forskaren og spesialisten Kjell Gunnar Gundersen er på farten. Han skal vidare til Danmark og halde eit foredrag for danske kollegaer om forskinga han gjer innan tørre auge.

– Eg brukar nok ein tredjedel av mi vakne tid på forsking. Til og med på natta ligg eg og tenkjer på det. Forsking for meg er krydderet i kvardagen. Det er ei stor satsing for oss på klinikken, eg både brenn for det og oppmuntrar dei andre legane til å forske. Vi skal vere langt framme i utviklinga, seier den engasjerte klinikksjefen frå Haugesund.

Grå stær​​ og tørre auge

På klinikken har Kjell Gunnar Gundersen og dei andre legane spesialisert seg innan grå stær-kirurgi og tørre auge. Forskinga har ført til ein internasjonal posisjon innan dei aktuelle fagfelta. I tillegg til den daglege pasientbehandlinga, har dei nå fire doktorgradsprosjekt på klinikken. Alle prosjekta er støtta av Norsk forskningsråd.

– Med forskinga kan vi vere relevante både i Europa og internasjonalt. Samstundes får vi auka kunnskapen vår, betre forståing for faget, betre utstyr og ny teknologi. Det er vinn-vinn, fortel Gundersen.

Alle doktorgradene handlar om grå stær-operasjonar eller behandling av tørre auge. Sidan 2010 har  Gundersen publisert 32 forskingsarktiklar, både i Norge og internasjonalt, og fleire skal det bli.

– Tørre auge er kraftig aukande, og pasientane blir yngre og yngre. Livsstilen vår er truleg den største årsaka til dette. Både skjermbruk, ventilasjon og varmepumpe bidrar til dette. Tårefilmen er det nye blodet. Har vi ikkje nok fett eller slim, får vi rennande auge, som eigentleg skyldast at dei er tørre. I tårefilmen finn vi informasjonen vi treng for å behandle det, seier han, og held fram:

– På verdsbasis er grå stær den største årsaka til blindskap. Dessverre kunne dei fleste tilfella vore unngått med behandling. Hos oss jobbar og forskar vi på korleis teknologien gjer operasjonane tryggare og meir effektive. Blant anna opererer vi med 3D. Då ligg pasienten i fanget mitt, medan eg ser auge på storskjerm når eg opererer. Nå skal vi og i gang med å utføre større del av grå stær-operasjonen med laser i staden for ultralyd. Ved å bruka laser unngår vi temperaturendring på auget, og får mindre risiko for termisk skade.

Effektivt og ​​trygt

Kjell Gunnar Gundersen var ferdig utdanna i 1997. Allereie den gong bestemte han seg for å driva for seg sjølv. Dei første seks åra var han aleine og hadde all pasienthandteringa sjølv. I 2003 tilsette han den første optikaren, og sidan har det gått slag i slag. I dag har han totalt 20 tilsette, inkludert heile sju optikarar og to andre augelegar. Dei andre legane jobbar med doktorgraden samstundes som dei har pasientar på klinikken. To dagar i veka er det operasjonar på klinikken. Då opererer han 16-20 auge per dag hos åtte til ti pasientar.

Då eg starta i 1986 brukte vi fem kvarter på ein grå stær-operasjon. I dag tar det mellom fem og sju minutt. 

– Eg starta å operera for 35 år sidan. Det har vært ein ekstremt interessant reise. Då eg starta i 1986 brukte vi fem kvarter på ein grå stær-operasjon. I dag tar det fem til sju minutt. Operasjonstida går ned, og vi får til ting vi aldri hadde drøymt om tidlegare. Resultatet blir ei blanding av betre instrumentering, høgare kompetanse og høgare volum.

Sjølv sit han i ei rekke utval om framtidas satsingar innan teknologi og augeutvikling, både på nasjonalt og europeisk nivå. Augefaget er drive av innovasjon, fortel han, og Gundersen er svært oppteken av teknologi og effektivisering. Summen av teknologi og volum gjer at mange fleire får betre behandling, meiner han.

– Vi investerer i godt utstyr, og legg mykje midlar i teknologi. Alle inngrep blir meir standardiserte. Det er mindre risiko under operasjonane, medan teknologien bidrar til mindre belastning på auga. Vi har robotar på veg inn i operasjonane, og pasientane får ein mykje meir presis behandling.

Bilde av et behandlingsrom på Øyeklinikken,.

På klinikken har Kjell Gunnar Gundersen og dei andre legane spesialisert seg innan grå stær-kirurgi og tørre auge. Ifocus investerer mykje i teknologi og nytt utstyr, som gjer operasjonane enklare og meir presise. Foto: Hanne Tveit, Hike

Privat eller sjukehus?

Som ferdig utdanna spesialist valde Gundersen å gå den private vegen. Fordelane er mange, som autonomi og å utvikle sin eigen arbeidsplass. Ulempene har alltid vore saknet etter kollegaer i same fag.

– Faglege kollegaer har vore eit ekte sakn, særleg dei gongene tilfella er litt spesielle. Då hadde det vore godt å drøfta saka med andre. Elles har eg alltid elska arbeidsplassen min. Det ligg mykje tilfredsheit i autonomi. Samstundes er eg oppteken av at andre avtalespesialistar veit at dei og kan drive forsking. Det er sjølvsagt krevjande når ein driv privat, men det lar seg gjere så lenge ein brenn for det. Eg er stolt av fire ting: at vi har bygd opp ein så stor klinikk, at vi viser att på den akademiske himmelen, at vi kan dokumentere forskingsresultat og at vi har sett byen og klinikken på det internasjonale kartet.

Han skundar seg vidare. Snart kommer taxien. Til flyplassen, Danmark, kollegaer og meir augesnakk.