Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Korleis er behandlingstilbodet for long covid i Helse Vest?

Kring 10 prosent av alle som har gjennomgått covid-19-viruset får seinfølgjer og eit lenger sjukdomsforløp. Kva tilbyr vi denne pasientgruppa og kva skal du som avtalespesialist sjå etter?

Publisert 31.10.2022
Sist oppdatert 24.04.2023
Pleier og pasient på en gangbro på sykehus, illustrasjonsbilde
​I 2021 blei alle dei regionale helseføretaka bedt av Helse- og omsorgsdepartementet om å etablere regionale, tverrfaglege seinfølgjeklinikkar for covid-19-pasientar. Helse Bergen gir tilbod til pasientar frå Helse Førde i nord til dei nordlege kommunane i Helse Fonna, medan Helse Stavanger har ansvar for tilbodet til pasientane frå Helse Fonna, i tillegg til Rogalandkommunane sør for Boknafjorden.
Kva ​veit vi i dag?
– Forsking viser at kring 10 prosent får seinfølgjer etter covid-19-sjukdom. Om pasientane har symptom i to-tre månader etter gjennomgått virus, kan dei ha teikn på det vi kallar long covid. Det liknar andre kroniske utmattingssyndrom, som for eksempel ME, og pasienten er sliten og manglar energien dei hadde før, fortel Ola Jøsendal, assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF.

Ola Jøsendal, assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF. Foto: Hanne Tveit, Hike

Mange av dei som får long covid har ein uhensiktsmessig immunrespons i kroppen som mellom anna kan gje ein reaksjon i kapillærårene. Her vart det danna væske i membranen, veggane i kapillærene og området rundt blir væskefylt, og det kan gje utfordringar for gassutvekslinga i området.
– Når viruset beveger seg gjennom nervane som tek i vare lukt og smak fra munn og nase vil det nå  sentralnervesystemet, og dette kan føre til ​problemer direkte i sentralnervesystemet. Nokre legar var tidleg ute med å testa kortison som middel mot covid-19, og dei fekk gode resultat. Seinare har vi sett at både kortison og astmamedisin kan hjelpe fleire pasientar som slit, seier han.
Det finst medisinar
I starten var det spesielt lungesjukdommar og nevrologiske tilstandar som var vanlege for denne pasientgruppa. I dag er nokre av dei største utfordringane korttidsminne og fatigue. Nokre er og ramma av nedsett kognitiv funksjonsevne. Ein kan og vente seg nye utfordringar etter kvart som tida går, trur Jøsendal.
– Medan dei tidlege symptoma på post covid viste nedsett lukt og smakssans, har pasientar med long covid andre vanskar. Dei kan vere tunge i pusten, ha høg puls, nedsett konsentrasjon, manglande energi og det ein kallar ein tåkelagt hjerne. Det positive er at ein kan bli heilt kvitt dette, og dei fleste har blitt, eller vil bli, heilt friske igjen.
Avtalespesialistana må vere merksame på at det finst behandlingstilbod her i vest for denne pasientgruppa, meiner Jøsendal, og legane kan gjere deler av behandlinga sjølv.
– Medikamentell behandling kort tid etter gjennomgått infeksjon, 2-4 veker etter, kan gjera ein stor skilnad. Dei kan og ta i bruk medisinar mot autoimmune sjukdommar. Alle bør vite om at vi har ei verktøykasse med kortison, astmamedisin og andre medisinar, seier han vidare.
Både Helse Stavanger og Helse Bergen tilbyr hjelp til desse pasientane. Har du som avtalespesialist pasientar med slike symptom, kan du tilvise dei til spesialisthelsetenesta for vidare rehabilitering.
– Helse i Hardanger er ein privat aktør som har hatt ein god kvalitet på behandlinga. Dei har og gjort ei veldig god innsats på forsking om dette, som er viktig for det vidare arbeidet. Behandlinga har gitt gode resultat, og pasientane er nøgde med tilbodet.
Behandlingstilbodet i Helse Bergen​​
Helse Bergen og Helse i Hardanger inngjekk i oktober 2019 ein samarbeidsavtale om å utvikle smarte helseløysingar for pasientgrupper med komplekse og langvarige sjukdommar (PUSH). Målet med prosjektet er å tilby tverrfaglege helsefremjande helsetenester til utvalde brukargrupper med eit komplekst og langvarig sjukdomsbilde. Metoden er eit konsentrert, tverrfagleg gruppetilbod, som blei gitt i ramma av eit strukturert poliklinisk dagbehandlingstilbod.
I 2021 var 57 pasientar med post covid-19-symptom gjennom det tverrfaglege behandlingstilbodet. Så langt i 2022 er det registrert 40 pasientar.
Denne hausten vil det bli gjort ei endeleg evaluering av metoden og ein vil då vurdere om formatet som er utvikla i PUSH skal vidareførast i Helse Bergen. Ein vil då og ta stilling til korleis den vidare innrettinga av tilbod med tverrfagleg seinfølgjeklinikk etter covid-19 skal løysast. Helse Bergen har og utvikla eit post covid-19-forløp, der ein tek sikte på å differensiere tilbodet til pasientar med seinfølgjer etter covid-19 med utgangspunkt i symptomtrykk.
– Individuell tilrettelegging for denne pasientgruppa er viktig. Symptomtrykket er ulikt frå pasient til pasient og behandlinga må innrettast deretter, seier viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Randi-Luise Møgster. Ho er også styringsgruppeleiar for PUSH-prosjektet.
– Metoden dei har jobba etter i Helse i Hardanger har gitt gode resultat. Dei har analysert mønsteret hos pasienten, ser betring etter 10 dagar og dei fleste er friske innan eitt år, seier Ola Jøsendal.
Helse i Hardanger har og gjennomført ein studie på denne pasientgruppa. Resultata viser at pasientane tar imot tilbodet, gjennomfører og er svært nøgde med behandlinga. Funksjonsnivået er betre allereie etter 10 dagar, og eitt år etter behandling er gruppa tilbake på landsgjennomsnitt av friske. Dette viser både sjølvrapportering og fysiske testar.
  • Resultata viser vedvarande auka funksjonsnivå etter gjennomgått konsentrert rehabilitering
  • Vedvarande betring av post covid-symptom, inkludert kognitive symptom
  • Betydelege og vedvarande helsegevinstar
  • Behandlingstilbodet i Hels​e Stavanger
    Covid-19-pasientane som er tilvist til Helse Stavanger har i 2021 og 2022 fått eit utredningstilbod hos Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) Lassa. Tilbodet er individuelt tilpassa og integrert i allereie eksisterande tverrfaglege polikliniske rehabiliteringstilbod. I 2021 fekk og ein del av pasientane frå Helse Stavanger behandling i PUSH-samarbeidet i Hardanger, i tillegg til lokal oppfølging ut frå rehabiliteringsbehov hos lege, psykolog, fysioterapeut og ergoterapeut.
    I dag er tilbodet styrka i Stavanger med meir etablert individuelltilpassa tilbod og tverrfagleg samarbeid.
    – Døgnrehabilitering for meir alvorleg sjukdom har vore til stades heile vegen. Poliklinisk har vi valt individuelt tilpassa behandling. Pasientane er såpass ulike og treng ei grundig kartlegging for vidare tilpassa tiltak. I dag ser vi at dei som kjem til oss for poliklinisk vurdering først og fremst er pasientar som slit med fatigue. Dei er ikkje tungpusta, men blir fort slitne. Nokre har og utfordringar med konsentrasjon og minnet, seier My Dung Nguyen Torkildsen, som er avdelingssjef og avdelingsoverlege ved fysikalsk medisin og rehabilitering i Helse Stavanger.

    My Dung Nguyen Torkildsen, avdelingssjef og avdelingsoverlege ved fysikalsk medisin og rehabilitering i Helse Stavanger.  Foto: Lars Idar Waage, Hike

    Talet på pasientar som kjem til politiklinikken etter gjennomgått virussjukdom er aukande. Så langt i år har klinikken i Stavanger hatt 157 konsultasjonar med long covid.
    – I det siste har vi sett ei auke i tilvisingar. Vi veit ikkje kva det skuldast, men det kan vere at både legane og pasientane er meir bevisste på tilbodet vårt, seier Torkildsen.​

    Ulike symptom som kan skyldast covid-19

    • Trøttheit og manglande energi

    • Ubehag etter påkjenning

    • Hjernetåke

    • Minneproblem

    • Hovudpine

    • Søvnproblem 

    • Kortpusta 

    • Høg puls 

    • Muskel- og leddsmerter 

    • Hjartebank 

    • Balansevanskar 

    • Diaré  

    • Tale- eller språkvanskar

    • Smerte i brystet​