Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Slik blir ordninga i Helse Bergen

Helse Vest RHF har gitt helseføretaka ansvaret for å implementere den nye tilvisingsordninga «Ein veg inn». I Helse Bergen er tilvisingsmottaka på dei private og offentlege DPS-ane som ligg nærast pasienten.

Publisert 28.06.2023
Mann i oransje genser

Foto: Jan Inge Haga

Psykologspesialist Sindre Angeltvedt er prosjektleiar for den nye ordninga i Helse Bergen sitt område. – DPS-ane er vande med å handtere endringar, så dette trur eg vil gå veldig fint.

Tekst: Tonje Pedersen, Hike kommunikasjon

Psykologspesialist Sindre Angeltvedt er prosjektleiar for den nye ordninga i Helse Bergen sitt område, der ordninga starta 1. januar. Alle DPS-ane i Helse Bergen har opptaksområde, og DPS-ane har sjølv ansvaret for å ha tilstrekkeleg ressursar og kompetanse på plass for å handtere tilvisingane. 

– Alle fastlegane er vande med å tilvise til DPS-ane frå før. Dei veit kor pasienten høyrer til, og kven som skal tilvisast kvar. DPS-ane skal eigentleg berre ta imot pasientar som vanleg, seier psykologspesialist Sindre Angeltvedt. 

Sikre prioriteringar

Som tidlegare klinikksjef på Kronstad DPS, har Angeltvedt god tru på den nye ordninga. 

– Eg ser først og fremst positivt på dette. Det er eit godt kompromiss for å sikre prioriteringar. Samstundes vil det bli ein mykje lettare reise for pasientar og fastlegar, og vi vil få ein betre struktur, både for pasientar og medarbeidarar.  

Foreløpig blir det ikkje tilsett fleire til å handtere tilvisingane i Helse Bergen. Dette fordi det ikkje finst oversikt over kor mange fleire eller færre tilvisingar det blir. 

– DPS-ane er vande med å handtere endringar, så dette trur eg vil gå veldig fint. Vi veit at fleire pasientar tidlegare blei tilvist til fleire avtalespesialistar utan å vere innom DPS-et. Nå får vi ein betre oversikt og kan lettare sette inn ressursar i tilvisingsmottaka om vi treng det. 

 

Mann som smiler.

Foto: Foto: Jan Inge Haga.

Sindre Angeltvedt.

Rett tal

Ein annan fordel med ordninga er at det blir lettare å vite kva dei reelle ventetidene er når ein har rett tal på tilvisingar, meiner Angeltvedt. 

– Kor mange tilvisingar har vi, kor lenge må pasientane vente og korleis er kapasiteten hos oss og hos avtalespesialistane. Denne oversikten har vi sakna tidlegare. Den reelle ventetida vil ikkje endre seg, men vi vil endeleg ha tydelege tal. 

Fleire fordelar

Sjølv om fleire avtalespesialistar har vore usikre gjennom prosjektfasen på korleis ordninga vil bli, meiner Angeltvedt det er fleire fordelar for dei også. Dialog og oversikt over pasientbehovet er stikkorda, meiner han. 

– Avtalespesialistane vil ikkje få fleire pasientar enn dei har kapasitet til. Tidlegare har dei brukt mykje tid på tilvisingar og administrasjon kring dette. Det slepp dei nå. Dei vil  òg få tettare kontakt med DPS-ane, elektronisk dialog og meldingar, samt betre rutinar i kommunikasjonen. 

 – Det er viktig å understreke at avtalespesialistar fortsett styrer sin eigen praksis. Dei har krav til å gje forsvarleg helsetilbod, og har difor lov til å seie nei til pasientar dei får tildelt. Dei treng ikkje å grunngje noko spesielt utover at dei ikkje kan ta den aktuelle pasienten.