Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Radiologiske prosedyrar

For å unngå at pasientar må ta dei same undersøkingane om igjen når dei går frå eitt sjukehus til eit anna, er radiologiske prosedyrar i Helse Vest standardisert. Protokollane er tekniske prosedyrar som viser korleis ein skal «køyre» MR- og CT-undersøkingar, og retningslinjene er anbefalingar for beste praksis.

Radiologimaskin CT/MR. Foto

Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna

Arbeidet er eit samarbeid mellom radiologar, radiografar og fysikarar frå alle helseføretaka og private ideelle i Helse Vest. Private røntgeninstitutt deltar også. Andre fagområde deltar der det er behov.

Målet er å sikre at radiologiske undersøkingar blir utført så likt som mogleg i Helse Vest, og dermed unngå uønskt variasjon. Protokollane er minimumsprotokollar, som vil seie at undersøkinga svarer på problemstillinga, men at ein lokalt kan ha utvida protokollar om ønskt. Det utarbeidast protokollar som ikkje er utstyrsavhengig, med føresetnad av at ein lokalt utviklar protokollar som tek i vare både det som er vedtatt regionalt, og tilpassa til eigen utstyrspark. Private røntgeninstitutt, som har avtale med Helse Vest, skal følgje  protokollane.

Ved å utføre undersøkingane på ein likeverdig måte, kan ein spare pasientane for unødig stråling og risiko.

Kontakt prosjektleiarar: 

Mia Louise H. Mowinckel-Nilsen

Evabeth Roseth Bruvoll

 

Protokol​lar 

C​​T​

Kalkulatorene skal bruk​​ast til protokollar som berekner kontrastmengde når det gjeld vekt- og kroppstypebasert kalkulator (OmniJect program eller tilsvarande) eller vekt- og høydebasert kalkulator (Lean Body Weight).

Kalkulator basert på vekt og høyde (Lean Body Weight).xlsx

Kalkulator basert på vekt og kroppstype.xlsx

 

​​M​​R

 

Røntg​​en

 

Sist oppdatert 14.11.2024