Sjukehusa våre er klare til å ta imot fleire koronapasientar om det igjen blir ein auke i covid-19-pasientar som treng sjukehusinnlegging.
For å koordinere og planleggje for best mogleg disponering av personell og utstyr, har vi jamleg møte med alle helseføretaka og dei private ideelle sjukehusa med opptaksområde i regionen.
Informasjon om koronasmitte
Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsenorge har god informasjon om koronaviruset.
Folkehelseinstituttet
Helsenorge
Information in English
Finn du ikkje finn svar, kan du ringje Helsedirektoratets informasjonstelefon på
815 55 015.
Om du trur du er smitta, ring fastlegen din. Får du ikkje tak i fastlegen, ring legevakt på telefon
116 117.
Smittevernutstyr
Nasjonal koordinering av utstyr
Helse Sør-Øst RHF har eit nasjonalt koordineringsansvar for innkjøp av smittvernutstyr og legemiddel i forbindelse med koronautbrotet.
Kvar veke rapporterer dei til nasjonale helsemyndigheit på status over lagerbehaldning og bestilte leveransar av smittevernutstyr.
Lagerbehaldning og leveransar av smittevernutstyr
Informasjon til næringslivet som vil bidra med smittevernutstyr
Næringslivet på Vestlandet har det siste halve året bidrege med mellom anna andedrettsvern, vernebriller, hanskar, munnbind, visir og beskyttande dressar og frakkar det siste halve året. Tusen takk for hjelpa!
Kontaktpersonar i føretaka
Ofte stilte spørsmål til Sykehusinnkjøp HF
Sykehusinnkjøp HF får mange spørsmål i samband med arbeidet dei gjer under det pågåande virusutbrotet.
Her finn du svar på dei mest stilte spørsmålaInformasjon til private aktørar
Vi har laga ei side med generell informasjon og vanlege spørsmål og svar for private aktørar. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på her, kan du sende oss ein e-post på
privat-covid19@helse-vest.no
Vanlege spørsmål og svar
Førespurnad om støtte frå ForsvaretHelse Nord RHF har fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å ta imot, koordinere og framføre støtteførespurnadar frå spesialisthelsetenesta til Forsvaret. Det betyr støtte frå Forsvaret til spesialisthelsetenesta med relevante kapasitetar i form av personell- og/eller materiell for å førebyggje og hindre tap av liv eller skade, i tillegg til å ta i vare behovet for sikkerheit i samfunnet.
Det blir innført rutinar for ei saksbehandling som skal leggje til rette for at førespurnadar om støtte kjem hurtig til rett nivå for ei sikker vurdering og avgjersle.
Les meir og sjå skjema for førespurnad om støtte frå ForsvaretRessursar om bruk av smittevernutstyr
Her finn du plakatar, introduksjonsvideoar og andre ressursar om bruk av smittevernutstyr i sjukehusa og helseføretaka.
Kommunikasjon og smittevernutstyr
Informasjon til media
Mediekontaktar i Helse Vest RHF og i helseføretaka
Arbeidet med korona-utbrotet har den høgaste prioriteten i Helse Vest og medfører også eit stort arbeidspress på våre tilsette. Derfor vil innsynsspørsmål og behandling av saker ta lengre tid enn vanleg. Vi beklagar, men ber om forståing for dette.
Mediekontakt i Helse Vest RHF
Bente Aae, kommunikasjonsdirektør
Telefon 415 33 807
Mediekontakt i helseføretaka
Helse Førde:
E-post: kommunikasjon@helse-forde.no
Helse Bergen:
E-post: info@helse-bergen.no
Telefon: (+47) 55 97 60 00 - kvardagar kl. 08.00 - 15.30
Vakttelefon: (+47) 95 89 04 45 - utanom vanleg kontortid
Helse Fonna:
E-post: kommunikasjon@helse-fonna.no
Helse Stavanger:
E-post: web@sus.no
Pressetelefon - kvardagar kl. 07.30 - 15.00: 477 00 999 (ikkje SMS)
Talet på innlagde pasientar
Tysdag 19. januar er 16 pasientar innlagde med covid-19 i Helse Vest. Fem av desse er på intensivavdeling og tre får behandling i respirator.
Helse Vest viser til rapportane frå Helsedirektoratet om innlagde pasientar. Vi supplerer med tal frå føretaka på Vestlandet her, men når det er særleg få pasientar (t.d. éin) på sjukehusa, legg vi ikkje ut tal av personvernomsyn.
Når talet på innlagde pasientar med bekrefta koronasmitte er lågt opgir vi ikkje tall per helseføretak eller informasjon om intensiv- og respiratorbehandling. Dette på grunn av moglegheit for identifikasjon.
Helse Vest oppdaterer denne informasjonen kvar dag, i tråd med rapporteringane til Helsedirektoratet.
Nasjonal oversikt:
Helsedirektoratet - status pasientar med koronasmitte i sjukehus
FHI - status pasientar med koronasmitte i sjukehus
Regional oversikt:
Sjå også nettsidene til helseføretaka våre, med oppdaterte tal:
Helse Førde
Helse Bergen
Helse Fonna
Helse Stavanger
Talet på medarbeidarar i karantene
Tysdag 19. januar er 117 medarbeidarar i føretaksgruppa i Helse Vest i heimekarantene.
Helse Stavanger: 69
Helse Fonna: 25
Helse Bergen: 22
Helse Førde: 1
Sjukehusapoteka Vest: 0
Helse Vest IKT: 0
* Tala er for vekedagar og henta frå personalsystemet og inkluderer medarbeidarar i karantene og medarbeidarar i karantene som jobbar heime. Tala blir henta ut ca kl 11.00 og kan variere frå tala sjukehusa hentar ut på andre tidspunkt. Vidare kan tala variere frå dei sjukehusa rapporterar, då dei kan ha inkludert andre variablar i sine berekningar.
Beredskap i Helse Vest
Helseberedskapsplanar og smittevern
God krisehandtering føreset god kommunikasjon, samhandling og klar rolleforståing. Dette oppnår vi gjennom gode beredskapsplanar og gode rutinar, som vi kontinuerleg øver på.
Regional helseberedskapsplan for Helse Vest er ein rammeplan som beskriv roller og ansvar i ei krise, både når det gjeld administrasjon, førebygging og handtering.
Føringane som er lagde i denne planen, skal speglast av i beredskapsplanane i helseføretaka, slik at beredskapsarbeidet i Helse Vest står fram som heilskapleg og samordna.
Regional helseberedskapsplan 2019 - 2021(PDF)
Nasjonal helseberedskap
Nasjonal helseberedskapsplan - PDF (regjeringen.no)
Kriseinfo.no
Smittevern
Regional smittevernplan (PDF)
Tuberkulosekontrollprogram for Helse Vest (PDF)
Beredskaps- og vakttelefonar ved Folkehelseinstituttet Beredskapsnivå
Grøn beredskap
Einuavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Det er eit avgrensa behov for ekstra ressursar. Situasjonen krev auka merksemd.
Gul beredskap
Ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.
Raud beredskap
Ei alvorleg uønskt hending har skjedd. Det er stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.