Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

Brukarmedverknad

Vi ønskjer å involvere brukarane for å delta i utforminga av tenestetilbodet. Dialog og samhandling med representantar for brukarane er særs viktig for utviklinga av tenestene.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Det regionale brukarutvalet (RBU) er pasientane sitt rådgivande organ ovanfor Helse Vest RHF. Hensikta med utvala er å sikre at pasientane kjem til orde i saker som påverkar helsetenestene, samtidig som helseføretaka får viktige innspel frå brukarane av tenestene. Samtidig er RBU eit samarbeidsforum mellom Helse Vest og brukarorganisasjonane.

Det regionale brukarutvalet (RBU)

Det er etablert brukarutval (BU) i alle helseføretaka i Helse Vest, unnateke for Helse Vest IKT og Helse Vest Innkjøp.​

​Pasientane skal møte god service, empati og forståing og skal jamleg få vurdere tenestene gjennom pasienterfaringsundersøkingar. Det er viktig at pasientane kan delta aktivt i eigen behandling og rehabilitering, og det føreset blant anna forståeleg og tilgjengeleg informasjon.

Det er utarbeidd eit nettkurs etter initiativ frå dei regionale helseføretaka i samabreid med Funksjonshemmedesfellesorganisasjon (FFO), Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) og Kreftforeningen.

Nettkurset er i samsvar med "Retningslinjer for brukermedvirkning på systemnivå i helseforetak", som blei vedtekne av alle dei fire regionale helseføretaka i 2017.

Ta kurset her

Det er laga eit e-læringskurs for brukarmedverknad i helseforsking. Kurset er retta både mot brukarar og forskarar. Kurset er eit samarbeid mellom Kompetansesenter for klinisk forskning, det regionale brukarutvalget i Helse Vest og Regionalt e-læringsteam.

Kurset gir ein innføring i kva brukarmedverknad i helseforskning er, i tillegg til at du får praktiske tips for å etablere eit godt og fruktbart samarbeid mellom brukar og forskar.

Ta kurset her

​Som ansvarleg instans for spesialisthelsetenesta i Helse Vest, gir Helse Vest kvart år støtte til brukarorganisasjonar.

Brukarorganisasjonane driv eit viktig arbeid for medlemmene sine, og set i verk tiltak for medlemmene som kanskje elles ikkje ville bli utført. Dei driv òg eit viktig helseopplysingsarbeid for innbyggjarane. Helse Vest tildeler kvart år midlar til brukarorganisasjonar ("Tilskot til helsefremjande arbeid").​

Tilskot til helsefremjande arbeid

Søk tilskot om midlar til helsefremjande arbeid innan 1. desember kvart år. Søknadsskjema blir lagt ut her.

Meir informasjon og søknadsskjema
Tekst
Sist oppdatert 04.10.2024