Felleseigde, nasjonale selskap
Helse Vest eig fleire selskap saman med dei andre regionale helseføretaka, Helse Nord, Helse Midt-Norge og Helse Sør-Øst:
Sykehusinnkjøp HF
Sykehusinnkjøp HF koordinerer felles innkjøpsavtalar for alle helseføretaka i Noreg for slik å gjere innkjøpa billigare for sjukehusa.
Pasientreiser HF
Pasientreiser er reiser til og frå behandling som er godkjent av det offentlege. Saman med lokalt pasientreisekontor har selskapet ansvaret for saksbehandling og refusjon av pasientreiser utan rekvisisjon.
Luftambulansetjenesten HF
Helseforetakenes nasjonale luftambulansetjeneste HF (forkorta til Luftambulansetjenesten HF) har det operative ansvaret for luftambulansetenesta. Sjukehusa har det medisinske ansvaret og stiller med legar og sjukepleiarar.
Helsetjenestens driftsorganisasjon HF
Helsetjenestens driftsorganisasjon for nødnett HF (HDO HF) er eit driftssenter for helsetenesta si bruk av løysingar for nødmeldetenester. Brukarane av tenestene i HDO er helsepersonell i dei regionale helseføretaka, helseføretaka og alle kommunane i landet. Det er open drift- og brukarstøtte for selskapets brukarar heile døgnet.
Sykehusbygg HF
Sykehusbygg HF er ein internleverandør for dei regionale helseføretaka og helseføretaka i Noreg, og skal leggje til rette for og bidra til standardisering, erfaringsoverføring, god utnytting av ressursane og ressurstilgang innanfor prosjektering og bygging av sjukehus.