Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest
En gruppe mennesker som ser på en bærbar datamaskin

Ledige stillingar

Vi treng dyktige medarbeidarar - både i sjukehusa på Vestlandet og i Helse Vest RHF. Her finn du dei lediga stillingane i spesialisthelsetenesta på Vestlandet.

Her finn du ledige stillingar

Alle som søkjer jobb må registrere CV og søknad i rekrutteringstenesta vår på web. Skal du søkje ved eit av sjukehusa våre, Sjukehusapotekta Vest eller Helse Vest IKT, må du registrere CV-en din der du søkjer jobb.

Når du registrer deg får du eit brukarnamn og passord. Du vil da kunne redigere, endre og søke på fleire stillingar med same CV.

Du treng ikkje registrere ny CV kvar gong du søkjer på ein jobb. CV-en din vil ikkje bli behandla av oss før du søkjer på ei stilling vi har publisert.

Ta kontakt via sentralbordet vårt på telefon 51 ​96 38 00 om du har spørsmål.

Ved tilsetting blir det stilt dei sa​​​me krav til utanlandske borgarar som alle andre:

  • Du må kunne kommunisere på norsk skriftleg og munnleg.
  • Du må kunne vise fram gyldig opphalds- og arbeidsløyve der dette er eit krav
  • Du må vise fram autorisasjon der det er eit krav.
  • Du må ha politiattest til stillingar der det er påkravd, for eksempel i arbeid med barn og psykisk utviklingshemma.
  • Du må ha dokumentasjon på vaksinasjon.

Meir informasjon

Registrer deg i Norge - Work in Norway har en guide for EU/EØS-borgarar.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har informasjon til personar som skal søkje om arbeid. Dei har også ei side om opphold etter EU/EØS-regelverket.

Skatteetaten har samla informasjon til personar om kva du skal gjere når du skal jobbe i Noreg.

Ny i Norge samlar informasjon fra offentlige myndigheter, som kan hjelpe deg som er ny i Noreg. 

Dette er Helse Vest RHF, sjukehusa, SAV og Helse Vest IKT

  • Helse Vest regionale helseføretak (Helse Vest RHF) eig fem helseføretak; Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Førde og Sjukehusapoteka Vest, og eitt aksjeselskap - Helse Vest IKT - i Rogaland og Vestland. 
  • I Helse Vest RHF jobbar det om lag 70 til 80 medarbeidarar. Vi held til i Stavanger sentrum. Her finn du blant anna rådgivarar med medisinskfagleg bakgrunn, juristar, økonomar, samfunnsvitarar, personalrådgivarar, kommunikasjonsrådgivarar, lønn- og rekneskapspersonell, sekretærar og leiinga.
  • Dei største sjukehusa på Vestlandet er Førde sentralsjukehus, Haukeland universitetssjukehus, Haugesund sjukehus og Stavanger universitetssjukehus. Føretaka våre har mange spennande, ledige stillingar.  
  • I sjukehusa på Vestlandet er det eit mangfald av jobbar, blant anna innanfor helsefag, IKT, kokkefag, leiing og ingeniørfag. Det finst om lag 130 ulike yrkesgruppar på sjukehusa.
  • Det er mye utdanning du kan ta i samanheng med jobben. Det er både utdanning på vidaregåande nivå - som lærlingar, og utdanning på høgskule- og universitetsnivå, slik som bachelor- og mastergrad, profesjonsutdanningar og spesialiseringar i sjukehusa.

 

Sist oppdatert 08.07.2024