Visjon
Som ei datadriven verksemd, utnyttar vi verdien av dataa våre til å ta gode og trygge avgjerder og bruke ressursane våre på ein berekraftig måte - til det beste for pasientar og pårørande, medarbeidarar og helsetenesta.
Målsetjing
Gjennom å forbetre korleis vi jobbar med data, legg vi til rette for enklare tilgang til informasjon, redusert registreringsbelastning, forbetra samhandling, redusert risiko, meir effektive tenester og betre bruk av data.
Bedre bruk og deling av data er nødvendig for økt effektivitet og innovasjon i Helse Vest
Innsatsområde
Nytte
Datastrategien prioriterer grunnleggjande byggjesteinar som er viktige for å løyse større utfordringar. Desse innsatsområda vil gjere det lettare å finne, dele og gjenbruke data av god kvalitet på ein trygg måte.
Gjennom dette vil vi kunne oppnå:
- enklare datadeling for å støtte samanhengande helsetenester og pasientinvolvering
- auka kvalitet i tenestene og støtte til innovasjon og forsking
- redusert registreringsbelastning og raskare tilgang til informasjon
- meir effektive IKT-prosessar og lågare kostnad
- redusert risiko for feil i pasientbehandling og personvern- og informasjonstryggleik brot
Korleis strategien kan levere nytte
Felles ansvar
Oppfølging av datastrategien er ikkje avgrensa til eitt område eller funksjon, men må følgjast opp av ulike delar av verksemda.
Områda i styringsstrukturen må ta ansvar for prioriteringar, finansiering, kapasitet og gjennomføring av tiltak på eige område. Mandat må bli oppdaterte for å inkludere ansvar for informasjonsforvaltninga i området.
Føretaka må ta ansvar for operativ forvaltning av eigne data etter kvart som ho blir etablert og forbetra gjennom tiltak i områda i styringsstrukturen.
Helse Vest IKT må støtte gjennom å byggje kompetanse, støtte prosessar og bidra med verktøystøtte innan datakvalitet, informasjonsarkitektur og grunndataforvaltning.
Arkitektur- og datastyring vil leie arbeidet med å etablere overordna føringar og rammar og følgje opp etterleving av desse. For tiltak i områda vil Arkitektur- og datastyring bidra med rettleiing, rådgiving, koordinering og som samarbeidspartnarar. I tillegg ligg ansvaret for å sikre heilskap i operasjonaliseringa av dei strategiske innsatsområda på tvers av styringsstrukturen hos Arkitektur- og datastyring.