Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

Helse Vest

Regional utviklingsplan 2023–2035

Utviklingsplan til Helse Vest skal bidra til å realisere vår felles helseteneste. Han skildrar korleis vi skal utvikle verksemda, møte framtidige behov og handtere dei store utfordringane vi står overfor.

En collage av en mann og en kvinne

Den viktigaste ressursen vi har, er medarbeidarane våre. Det er dei som utgjer helsetenesta, og vi er avhengige av kompetansen, innsatsen og initiativa til kvar enkelt medarbeidar for å nå måla vi set oss. Vi satsar derfor stort på å behalde og rekruttere medarbeidarar, og legge til rette for at dei kan utvikle og bruke kompetansen sin på beste mogelege måte. 

Både data- og kunnskapsgrunnlaget vi har brukt for å lage utviklingsplanen vil endre og utvikle seg gjennom planperioden. Vi har derfor mål om å oppdatere både grunnlaget og sjølve utviklingsplanen, og på den måten halde planen relevant over tid. Skroll deg gjerne lengre ned på denne sida for å lese om data- og kunnskapsgrunnlaget, utviklingstrekk og plansystemet i Helse Vest.

Vi har lagt mykje tid og krefter i arbeidet med å lage utviklingsplanen. Det er likevel alltid rom for forbetringar. Om du har innspel til korleis vi kan gjere planen betre, så håper vi du tek kontakt via kontaktskjemaet nedanfor. 

 

Vår felles helseteneste

Det overordna målet med helsetenesta i Noreg er å sikre alle innbyggjarane tilstrekkeleg og god tilgang til tenester som er trygge og fagleg forsvarlege. Den offentlege helsetenesta er delt i primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta, men vi jobbar saman om å realisere målet. Dei statlege helseføretaka skal ivareta drift og utvikling av sjukehus og anna spesialisthelseteneste, mens kommunane har ansvaret for fastlegane, pleie- og omsorgstenester og andre tilbod i nærmiljøet. Du kan lese meir om grunnstrukturen og dei ulike delane av helsetenestene her: Lenke til skildring av grunnstrukturen i helsetenestene

Helseføretaka er store og komplekse verksemder. Derfor kan òg planane verke store og komplekse. Utgangspunktet for alt vi gjer er likevel lettfatteleg. Vi skal fremje helse, meistring og livskvalitet for pasientane og innbyggjarane. 

Når vi skildrar utviklingsretninga tek vi derfor utgangspunkt i pasientane sine perspektiv. Samtidig må vi sjå utfordringane og løysingane gjennom auga til medarbeidarane, leiarane og samarbeidspartnarane våre for å skape vår felles helseteneste. 

Utviklingsplanen legg særleg vekt på områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Planen tek derfor òg føre seg dei store og veksande utfordringane rundt økonomi, berekraft og tilgang på fagfolk, som krev tøffe prioriteringar på både kort og lang sikt. Samtidig er strukturen og innhaldet tilpassa den nasjonale rettleiaren for utviklingsplanar.

Les meir om dei fire strategiske hovudmål og dei tilhøyrande innsatsområda ved å følgje lenkene nedanfor. 

Sist oppdatert 05.04.2024