Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

UTVIKLING

Hovudmål 4: Berekraftig utvikling

Den medisinske og teknologiske utviklinga medfører at vi kan gjere meir, men også at vi kan yte tenester på andre måtar. Eksempel på det er nye pasientforløp og tenester utanfor sjukehusa.

Et nettbrett på et bord

Nye metodar og verktøy gjer oss mellom anna i stand til å automatisere og robotisere større delar av verksemda, yte virtuelle tenester og flytte oppgåver nærmare pasienten. Geografien og busetjingsmønsteret på Vestlandet krev at vi realiserer potensialet som ligg i dette, slik at vi kan møte utfordringane knytte til auka behov og avgrensa ressursar i helsesektoren. Samtidig skal ivaretaking av miljøet vere ein integrert del av Helse Vest si verksemd. Helseføretaka skal ha så liten negativ miljøpåverknad som mogleg, og vi skal vere ein pådrivar for å ta samfunns- og miljøansvar. Omgrepet «berekraft» omfattar derfor både miljø- og ressursrelaterte faktorar.

Dagens situasjon og utfordringar

Behovet for spesialisthelsetenester er venta å auke kraftig i planperioden, men tilgangen til menneskelege og økonomiske ressursar vil ikkje ha den same veksten. Samtidig har FN slått fast at klimaendringane er ein trussel for menneskeheita. Verdens Helseorganisasjon meiner dessutan at klimaendringane er den største helsetrusselen vi står framfor. Dette er utfordringar som krev nye løysingar og vesentlege endringar i korleis vi ivaretek samfunnsoppdraget vårt.

 

Innsatsområder

Strategisk mål

Bygga i Helse Vest skal leggje til rette for gode og effektive tenester, og skape eit godt fysisk arbeidsmiljø.  

Bakgrunn og utfordring

Føretaka i Helse Vest forvaltar store bygningsmassar som krev mykje vedlikehald. Dei må òg bli tilpassa nye tenester og ny bruk. Delar av bygningsmassen er prega av dårleg teknisk stand og vedlikehaldsetterslep. Fleire av dei spesialiserte funksjonane har òg ein infrastruktur som treng modernisering. Det gjeld blant anna operasjonsareal og areal til poliklinikk, røntgen og patologi. Behovet knytt til etterslep på vedlikehald er berekna til fleire milliardar kroner. I tillegg viser framskrivingar at det blir behov for meir areal. 

Sjølv om føretaka i Helse Vest har gjort store investeringar i bygg over lang tid, viser ForBedring-undersøkinga frå 2021 at vi framleis har ein veg å gå. Medarbeidarane våre gav påstanden «Det er eit godt fysisk arbeidsmiljø her» ein skår på 56 av 100. 

Utviklingsretning

Dei største byggrelaterte prosjekta fram mot 2035 er allereie planlagde eller sett i gang i alle dei lokale helseføretaka i Helse Vest. I forbindelse med dei aktuelle prosjekta har føretaka gjort nødvendige berekningar av kapasitet og utvikling. Detaljar om dette er å finne i dei lokale areal- og byggjeplanane. 

Strategisk mål

Den regionale helseberedskapen skal bidra til å verne om liv og helse og sikre befolkninga nødvendige spesialisthelsetenester ved kriser og større uønskte hendingar, både i fredstid og i krig. 

Bakgrunn og utfordringar

Vi lever i eit samfunn med høg grad av spesialisering, der vi er avhengige av kvarandre lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi har utvikla komplekse infrastrukturar og IKT-løysingar, og arbeidsprosessar og leverandørkjeder heng meir og meir saman. Dette har gitt oss mange gevinstar, men òg gjort oss meir sårbare. 

Ein virusmutasjon oppdaga på andre sida av jorda kan spreie seg raskt, og bli eit overskyggande problem på kort tid. Globaliseringa gjer samtidig at forsyningstryggleik for alt frå IKT-utstyr, forbruksmateriell, kirurgisk utstyr og legemiddel kan lett forstyrrast. Eksempelvis kan logistikkutfordringar ein heilt annan stad i verda føre til mangel på nødvendige varer i ditt lokale apotek. Små eller manglande varelager aukar denne risikoen.

Pandemiar er ifølge Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) ei av krisene som skårar høgast med tanke på både sannsynet for at dei oppstår og konsekvensane dei har for samfunnet. Det kjem pandemiar med ulik alvorsgrad med mellom 10 og 30 års mellomrom, og det er sannsynleg at vi må førebu oss på å handtere nye pandemiar lik covid-19 i åra som kjem.

Antibiotikaresistens er ei stor og aukande utfordring for helsetenesta. Noreg har framleis låg grad av resistens, men den er på veg opp. Infeksjonar med antibiotikaresistente bakteriar aukar dødelegheita, forlenger liggjetida og akselererer behandlingskostnadene. Dei vanskeleggjer behandling av sjukdommar som tidlegare har vore enkle å kurere, og vil avgrense kva for behandlingstilbod vi kan gi pasientane. I tillegg utgjer resistente bakteriar òg ein stadig veksande trussel mot matproduksjonen, særleg globalt. Vi må derfor førebyggje antibiotikaresistens generelt, og utbrot med resistente bakteriar i kliniske einingar spesielt. 

Tilgang på reint vatn, stabil straumforsyning, pålitelege kommunikasjonsløysingar og avanserte IKT-løysingar er grunnleggjande føresetnader for både sjukehusdrift og det moderne samfunnet vi lever i. Samtidig er desse føresetnadane sårbare overfor aukande cyberkriminalitet, det internasjonale trusselbiletet, ekstremvêr og andre faktorar vi ikkje kan påverke direkte. Vi må derfor ha ein velfungerande totalberedskap, som er førebudd på å handtere ulike scenario.

Utviklingsretning

Helseberedskapen er ein sentral del av samfunnet sin totalberedskap. Helseberedskapen er forvaltinga og helse- og omsorgstenesta sine førebuingar for å førebyggje og handtere helsemessige konsekvensar av hendingar som ulykker, kriser og katastrofar. Helse Vest skal utvikle nødvendig kapasitet, og samarbeide tett med andre relevante aktørar for å ivareta totalberedskapen. 

God krisehandtering føreset god kommunikasjon, samhandling og klar rolleforståing. Dette oppnår vi gjennom formålstenlege beredskapsplanar og tydelege rutinar, som vi øver kontinuerleg på. Vi skal vere førebudde på å handtere ulike scenario som dekkjer eit brett spekter av beredskapshendingar. 

Helse Vest har tatt utgangspunkt i den nasjonal helseberedskapsplanen under utarbeidinga av den regionale helseberedskapsplanen. Planen blir jamleg oppdatert, og føringane her skal speglast av i beredskapsplanane i helseføretaka. Helse Vest skal òg informere breitt om beredskap og eventuelle kriser, blant anna gjennom eigne nettsider. På den måten skal beredskapsarbeidet i Helse Vest stå fram som heilskapleg og samordna.

Strategisk mål

Økonomi og ressursar

Vi skal auke verdiskapinga og ha god økonomistyring for å sikre den økonomiske berekrafta. 

Miljø - og samfunnsansvar

Vi skal redusere CO2-utsleppet med 40 prosent innan 2030.

 

Bakgrunn og utfordring

Økonomi og ressursar

Behovet for spesialisthelsetenester er venta å auke mykje i strategiperioden, men tilgangen til ressursar vil ikkje ha den same veksten. Vi må derfor i større grad enn tidlegare prioritere kva vi skal bruke menneskelege og økonomiske ressursar på. 

Vi står overfor nye utfordringar, som krev nye løysingar. Helse Vest må utvikle seg i tråd med dette. Det betyr blant anna at vi må dra nytte av dei teknologiske moglegheitene, effektivisere prosessar og drift, realisere potensialet i pasientane sin eigeninnsats og yte tenester på det nærmaste effektive nivået. Det vil mellom anna krevje høgare digital modenskap og ei god digital plattform. 

Miljø - og samfunnsansvar

FN har slått fast at klimaendringane er ein trussel for menneskeheita, men ifølge Verdens Helseorganisasjon er endringane også den største helsetrusselen vi står framfor. 

Spesialisthelsetenesta er ein stor samfunnsaktør med eit stort samfunnsansvar. Med 150 000 tilsette frå Hammerfest til Kristiansand og omlag 2,2 millionar pasientar innom årleg, set norske sjukehus eit solid avtrykk. Potensialet for å kutte utslepp er stort. Men for å utnytte det potensialet er omstilling nødvendig. 

Utviklingsretning

Økonomi og ressursar

Pasientforløpa skal endrast monaleg gjennom teknologistøtta behandling og kommunikasjon. Pasientane skal oppleve eit betre servicenivå gjennom auka tilgjengelegheit, fleire sjølvbeteningsløysingar og meir automatisering. Om det er mogleg for pasienten, skal dei sjølve bidra meir i behandlinga og administrasjonen av helsetenestene. Det vil effektivisere ressursane for spesialisthelsetenesta samtidig som pasientane får sjansen til å meistre sin eigen situasjon. 

Medisinsk-teknisk utstyr som blir brukt i norske sjukehus må kunne samhandle basert på internasjonale standardar, og integrerast med opne og sikre IKT-plattformer. Samtidig må tilgangen til data av høg kvalitet blir langt betre. Det vil auke kvaliteten og den operasjonelle effektiviteten i pasientbehandling og forsking, og gi meir tilgjengeleg styringsinformasjon. Betre tilgang på data og nye teknologiske løysingar vil dessutan bidra til at mindre spesialisert helsepersonell kan løyse stadig fleire oppgåver, og at vi kan bruke kompetansen meir effektivt enn i dag. 

Om noko blir prioritert opp, må noko anna bli prioritert ned. Det kan mellom anna gjelde innføring av nye legemiddel. Prioriteringar, diskusjonar og prosessar rundt dette skal vere prega av openheit. Behandlingstilbodet skal vere likeverdig for alle innbyggjarar som høyrer til Helse Vest, samtidig som prioriteringar skal gjerast med tanke på heile behandlingsforløpet og alle aktørane som bidreg i dette.

Helse vest legg føringar for helseregionen si økonomiske berekraft gjennom den økonomiske langtidsplanen.  

Miljø - og samfunnsansvar

Ved å ha miljøbevisste medarbeidarar skal Helse Vest RHF gå føre som eit godt døme for å redusere negativ miljøpåverknad frå oppgåvene me gjer. Det skal vere merksemd i heile organisasjonen på kontinuerlig forbetring i miljøarbeid innanfor alle aktivitetar som Helse Vest utfører og initierer som eigar av helseføretak. Helse Vest RHF skal gjennom si rolle ha stor merksemd på at miljøomsyn blir ivareteke i alle prosjekt som blir utvikla og sett i gang i helseregionen.

Dei fire strategiske hovudmål i utviklingsplanen

    Sist oppdatert 22.03.2024