Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

Helse og arbeid

- betre helse, jobbmeistring og livskvalitet.

Helse og arbeid består av arbeidsretta behandlingstilbod. Det er i hovudsak eit behandlingstilbod for personar med psykiske lidingar (angst, depresjon) og muskel- og skjelettlidingar. 

Formålet med arbeidsretta behandling er å bidra til betre helse og arbeidsevne, og betre jobbmeistring og livskvalitet. Behandlinga har både helse og arbeid/utdanning som mål.

Behandling og arbeidsretta bistand skal skje samtidig. Målgruppene for behandlingstilbodet er personar med rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta, der det blir vurdert å vere auka fare for funksjonsfall utan tilbod om arbeidsretta behandling.

Tilbodet blir gitt i sjukehusa våre og i private leverandørar innanfor psykisk helse og rehabilitering. Fastlegar og andre tilvisarar skal tilvise aktuelle pasientar til spesialisthelsetenesta, og tilvisingane vil handterast på vanleg måte. Retten til behandling vil vurderast i tråd med gjeldande prioriteringsprinsipp.

Arbeidsretta behandling hos private med avtale

Innhald i tilbodet:
Poliklinisk arbeidsretta behandlingstilbod for personar med angst og depresjon.

Besøksadresse:
Randabergveien 300 B​​​
4070 Randaberg
Postadresse: Postboks 14, 2391 MOELV

Tilvising:
Tilvisingar til Falck Norge sitt tilbud om arbeidsretta behandling i Helse Vest skal sendast​ til Sola DPS for vurdering av rettar. Tilvisinga skal merkast «Falck Norge, Helse og arbeid», og sendast elektronisk til Sola DPS, eller med ordinær post til:

Helse Stavanger HF
Psykisk helsevern voksne
Sola DPS, Postboks 8100
​4068 Stavanger​​

Kontakt:
Tlf: 974 09 910 – tastevalg 4
E-post: sht@falck.com
Falck - spesialisthelsetenester
Organisasjonsnummer: 918 996 796

Innhald i tilbodet:
Poliklinisk arbeidsretta behandlingstilbod for personar med angst og depresjon.

Besøksadresse i Bergen:
Institut​t for psykologisk rådgivning har tre ulike behandlingsstader i Bergen
Christian Michelsens gate 4, Bergen sentrum
Kokstadveien 9, Kokstad
Fossekleiva 41, Åsane

Besøksadresse i Haugesund:
Institutt for psykologisk rådgivning
Møllerveien 22
Haugesund

Tilvising:
Alle tilvisingar til IPR i Haugesund og i Bergen skal sendast til:

Institutt for psykologisk rådgivning
Christian Michelsens gate 4
5012 Bergen​

Kontakt:
Tlf: 55 31 74 25
E-post: bergen@ipr.no
www.ipr.no

Sist oppdatert 22.11.2024