Retningslinjer for klinisk karrierestipend
Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga. Klinisk karrierestipend skal leggje til rette for at forskarar som har kombinert forskingsaktivitet med klinisk praksis, kan byggje opp eige forskingsmiljø. Klinisk karrierestipend er neste trinn på karrierestigen etter postdoktor- og/eller forskarperiodar og stiller høge krav til sjølvstende.
Nasjonal handlingsplan for kliniske studier (2021-2025) har som visjon at klinisk forsking skal vere ein integrert del av all pasientbehandling. Klinisk karrierestipend kan vere eitt verkemiddel for å nå måla i handlingsplanen.
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Klinisk karrierestipend kan søkjast av forskar under 50 år (født 1975 el. seinare). Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.
Klinisk karrierestipend blir tildelt forskarar som vil byggje opp forskingsmiljø. Det vil derfor bli stilt ekstra sterke krav til søknadar i denne kategorien. Søkjar må ha vist evner til sjølvstende og det vil bli lagt vekt på om søkjaren vil vere i stand til å byggje opp sitt eige forskingsmiljø i løpet av prosjektperioden. Dette må komme tydeleg fram i søknaden. Forskingsproduksjonen til søkjaren vil bli vurdert opp mot omfanget av klinisk verksemd.
Klinisk karrierestipend kan ikkje overførast til andre.
Kva kan det søkjast om
Total kostnadsramme er for tida inntil 2,35 millionar kroner per år i fire år. Tildelinga skal brukast til lønn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet.
Karrierestipendet skal dekkje løn til eiga stilling, ei tilhøyrande stilling (ph.d., postdoktor, forskingsstøtte, koordinator) og ekstra driftsmidlar. Karrierestipendet kan takast ut i 50 prosent i heile eller delar av perioden, i kombinasjon med klinisk stilling, og lengda på stipendet kan derfor variere ut frå stillingsprosenten. Dette treng ikkje vere avklart på søknadstidspunktet.
Dersom søkjaren ønskjer å bli vurdert i kategorien open prosjektstøtte i tilfelle søknaden om klinisk karrierestipend ikkje når opp i konkurransen, må det sendast inn separate søknadar. Budsjett, prosjektframstilling og vedlegg må då bli tilpassa kvar enkelt søknadskategori.
Ved eventuell tildeling
Ved tildeling skal personar finansierte av forskingsmidlane tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkjarinstitusjon»).
Dersom det skjer endringar i tilsettingsforholdet til søkjaren etter tildeling og i løpet av prosjektperioden, er det søkjarinstitusjonen som har det avgjerande ordet om ansvarleg institusjon for prosjektet skal bli endra. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast gjennom avtalar mellom dei aktuelle institusjonane.
Forskarar som får Helse Vests forskingsmidlar, skal gjennomføre kurs i brukarmedverknad. Tilsette i helseføretaka får kursbevis om dei gjennomfører kurset gjennom læringsportalen.
Prosjektframstilling og andre vedlegg
Det skal lastast opp to vedlegg:
Revidert juni 2024.