Retningslinjer for open prosjektstøtte
Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga. Ein vesentleg del av midlane skal gå til forskarutdanning og bygging av forskingskompetanse.
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Prosjektleiar, den som er fagleg ansvarleg for prosjektet, skal stå som søkjar, og skal som minimum ha avlagt doktorgrad. Søkjar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.
Søkjar må vere tilsett i minimum 20 prosent ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.
Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved universitet og høgskular i regionen, og private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse Vest, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon. Sjå "Kven kan søkje forskingsmidlar" for meir informasjon.
Dersom søkjar går av for aldersgrensa i løpet av prosjektperioden, skal det leggjast ved ei utgreiing frå søkjarinstitusjonen (til dømes frå forskingsavdelinga) om kven som skal overta ansvaret for prosjektet.
Kva kan det søkjast om
Helse Vest tildeler inntil 5 millionar kroner fordelt over tre år. Det kan søkjast om å få dekt kostnadar til personell, drift og utstyr.
Det kan søkjast om å få dekt kostnadar til støttepersonell som laboratorieteknikar, forskingssjukepleiar o.a. Det kan søkjast om frikjøp av klinisk stilling i sjukehus (grunnløn) i inntil 6 månader (totalt for prosjektperioden). Det bør godtgjerast at andre alternativ for forskingsfri er brukt eller ikkje tilgjengeleg. Det er ikkje mogleg å søkje forskarstipend/forskarstillingar.
Søknad om doktorgradsstipend eller postdoktorstipend knytt til prosjektet skal fremjast i eigen søknad, sjå eigne retningslinjer for stipend. Driftsmidlar til stipendiatar skal dekkjast frå andre kjelder (jf. retningslinjer for stipendiatar), og kategorien open prosjektstøtte skal ikkje einsidig nyttast til driftsmidlar for stipendiatar.
Dersom det blir søkt om utstyr, skal det gjerast greie for kva miljø som skal bruke utstyret. Eigarskap til utstyret skal vere avklart, og vedlikehald skal sikrast gjennom at anskaffinga inkluderer fleirårige servicepakker. Dersom utstyret finst ved institusjonen, i geografisk nærleik eller det er sikra tilgang til utstyret gjennom nasjonale avtalar, skal søkjar godtgjere behovet for å duplisere utstyret. Utstyr som blir kjøpt inn via forskingsmidlar i Helse Vest, skal etter nærmare avtale kunne brukast av alle interessentar.
Ved eventuell tildeling
Ved eventuell tildeling skal personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon).
Dersom det skjer endringar i tilsetjingsforholdet til søkjaren etter tildeling og i løpet av prosjektperioden, har søkjarinstitusjonen det avgjerande ordet for om også prosjektet si tilknyting skal bli endra eller om det må bli utpeikt ny prosjektleiar.
Forskarar som får Helse Vests forskingsmidlar, skal gjennomføre kurs i brukarmedverknad. Tilsette i helseføretaka får kursbevis om dei gjennomfører kurset gjennom læringsportalen.
Prosjektframstilling og andre vedlegg
Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden.
Revidert juni 2024.