Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

Retningslinjer for postdoktorstipend

Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga. Ein vesentleg del av midlane skal gå til forskarutdanning og bygging av forskingskompetanse.

​Page in English

Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet

For søknadar om postdoktorstipend skal stipendiaten stå som søkjar, og stipendet kan ikkje overførast til andre. Søkjarar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.

Ein kan ikkje starte i postdoktorstilling før doktorgradsdisputas er gjennomført og godkjent. Det er likevel råd å søkje tidlegare. Dersom søkjaren på søknadstidspunktet ikkje har levert doktorgradsavhandlinga, skal det gjerast nærare greie for framdrifta og forventa innleveringstidspunkt i vedlagt erklæring frå hovudrettleiaren.

Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon, sjå kven kan søkje forskingsmidlar.

Det blir ikkje gitt stipend dersom kandidaten tidlegare har hatt postdoktorstipend ved ein institusjon i regionen.  

Kva kan det søkjast om

Satsar

Postdoktorstipend blir innvilga for inntil tre år i 100 prosent stilling, eller seks år i 50 prosent stilling. Satsen blir regulert årleg og skal nyttast til lønn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet.

Behov for driftsmidlar ut over det som ligg i stipendsatsen, skal dekkjast frå andre kjelder. I søknaden må det gjerast greie for finansiering av kostnadar som er nødvendig for å gjennomføre prosjektet, men som ikkje dekkjast av satsen.

Utanlandsstipend og forlenging av postdoktorstipend

Samarbeidsorganet oppmodar om at postdoktorstipendiatar gjennomfører eit utanlandsopphald ved relevant forskingsinstitusjon i løpet av stipendiatperioden, (sjå eigne retningslinjer for utanlandsstipend). Søknad om midlar til dette kan sendast på ulike tidspunkt:

  1. Det kan søkjast om midlar til eit allereie planlagt utanlandsopphald i seks eller tolv månader i same søknad som søknad om postdoktorstipend.

  2. Pågåande postdoktorstipend med finansiering frå Helse Vest kan utvidast med seks eller tolv månader dersom det blir gjennomført eit utanlandsopphald av same lengde. Benytt søknadskategorien «Utvidelse av postdoktorstipend». Opphaveleg prosjektframstilling kan tilpassast slik at det er gjort greie for utbyttet av utanlandsopphaldet.

 

Ved eventuell tildeling

Ved tildeling av postdoktorstipend frå Helse Vest skal stipendiaten tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkarinstitusjon»). Stipendiaten skal ha sin faste arbeidsplass i regionen og vere aktivt deltakande i fag- og/eller forskingsmiljøet i søkjarinstitusjonen.  

Vi gjer merksam på at disputas må vere gjennomført og godkjent før 1. juli i det første tildelingsåret, då det er krav om at søkjaren må kunne starte stipendet seinast 1. juli. Dette gjeld uavhengig av planlagde eller starta permisjonar.

Stipendet kan takast ut i 50 eller 100 prosent stilling. Utbetaling av stipendet vil følgje dette. Dersom det er behov for andre ordningar må det søkjast særskilt etter at tilbod om stipend er mottatt.

Det bør leggjast til rette for at stipendiaten kan bytte arbeidsgivar under stipendperioden så framt dette gjeld flytting til andre helseføretak eller private, ideelle institusjonar i regionen. Det er likevel søkarinstitusjonen som har det avgjerande ordet for om også ansvarleg institusjon for stipendiaten sitt prosjekt skal bli endra. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast gjennom avtalar mellom dei aktuelle institusjonane.

Forskarar som får Helse Vests forskingsmidlar, skal gjennomføre kurs i brukarmedverknad. Tilsette i helseføretaka får kursbevis om dei gjennomfører kurset gjennom læringsportalen. 

Prosjektframstilling og andre vedlegg

Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden.  Andre vedlegg enn det som er lista nedanfor, skal ikkje leggjast ved søknaden.  

Det er utarbeidd ein felles mal for prosjektframstilling som skal brukast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-dokument).

Vedlegga skal samlast i eitt vedlegg i den rekkjefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eit PDF-dokument under «Andre vedlegg» i søknadsskjemaet.
  1. Søkjaren skal leggje ved CV (tilrådd lengde 2 sider) og publikasjonsliste for dei siste fem åra. Merk at for søknadar om postdoktorgradsstipend er det stipendiaten som skal stå som søkjar.

Dersom det er aktuelt:

Dersom doktorgraden ikkje er innlevert på søknadstidspunktet:

2. CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra for hovudrettleiar.

3. ​Rettleiarerklæring med vurdering av framdrift og tidspunkt for innlevering.

 

Ved søknad om utanlandsstipend:

4. Invitasjon frå utanlandsk fagmiljø

5. Uttale frå eige forskingsmiljø 

Dersom søkjaren ikkje er tilsett i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon i regionen:

6. Forankringsavtale, sjå Kven kan søkje

 

Om ønskjeleg:

7. CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra for prosjektleiar og viktige samarbeidspartnarar.

Revidert juni 2024

Sist oppdatert 19.06.2024