Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

Retningslinjer for utanlandsstipend

Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga. Ein vesentleg del av midlane skal gå til forskarutdanning og bygging av forskingskompetanse.

​​​​​​Page in English

Det regionale samarbeidsorganet ønskjer auka internasjonalt forskingssamarbeid, og lyser difor ut utanlandsstipend. Søkjarar til postdoktorstipend blir særleg oppmoda til å gjennomføre eit utanlandsopphald i løpet av stipendperioden, sjå retningslinjer for postdoktorstipend.

Det blir lagt vekt på internasjonalt nettverk og forskingssamarbeid i vurderinga av prosjekta som søkjer Helse Vest sine forskingsmidlar.  

Kva kan det søkjast om

Det blir gitt støtte til forskingsopphald for 6 eller 12 månader i 100 prosent stilling. Hovudregel er at opphaldet skal vere samanhengande. Det er ein føresetnad at løn under utanlandsopphaldet blir dekt via stipend eller av arbeidsgivar.

Det kan søkjast om å få dekt følgjande kostnadar:

  • Opphald: Satsen varierer ut frå om ein reiser åleine eller med familie. Satsane for utanlandsstipend skal dekkje dokumenterte etablerings- og meirutgifter ved forskingsopphald i utlandet. Se satser for søknadsrunden. Vi gjer merksam på at alle trekkfrie meirutgifter må dokumenterast. Udokumenterte utgifter er skattepliktige.


  • Reise: Det kan søkjast om dekning av reiseutgifter (billigaste reisemåte). Dersom søkjar har barn under og i skulepliktig alder (under 16 år) og reiser utan barn og ektefelle/sambuar, kan det dekkjast inntil to tur/retur-reiser i løpet av utanlandsopphaldet. Behovet må grunngjevast.

  • Reiseutgifter tur/retur (faktiske utgifter)
  • Husleige, straum, etc.
  • Visum
  • Vaksiner
  • Skulepengar dersom offentleg skule ikkje kan nyttast
  • Barnehage (meirutgifter i høve til betaling i Norge)
  • Forsikring dersom ekstraforsikring
  • Andre driftsutgifter som understøtter føremålet med tilskotet, kan vurderast trekkfritt

Prosjektframstilling og andre vedlegg

Det skal lastas opp to vedlegg til søknaden:

Det er utarbeidd felles mal for prosjektframstilling​ som skal nyttast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. For dei som søkjer utviding av Helse Vest postdoktorstipend med utanlandsopphald, kan den opphavelege prosjektframstillinga tilpassast ved at ein gjer greie for utbytte av utanlandsopphaldet. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-dokument).

Vedlegga skal samlast i eit vedlegg i den rekkefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eitt PDF-dokument under «Andre vedlegg» i søknadsskjemaet.

1. Søkjaren skal leggje ved CV (sjå forslag til CV) og liste over publikasjonar for dei siste 5 åra. Merk at for søknadar om doktorgradsstipend er det stipendiaten som skal stå som søkjar.

2. Invitasjon frå det utanlandske forskingsmiljøet.

3. Uttalelse frå eige fagmiljø.

Der det er aktuelt:

4 Forankringsavtale dersom søkjaren ikkje er tilsett i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon i regionen, sjå Kven kan søkje forskingsmidlar

 
Sist oppdatert 20.06.2024