Retningslinjer for Stipend til kliniske studiar (20 prosent)
Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga. Ein vesentleg del av midlane skal gå til forskarutdanning og bygging av forskingskompetanse. Stipenda er eit målretta tiltak for å integrere forsking i klinikk, og er retta mot pågående kliniske studiar. Tiltaket skal bidra til auka interesse for og kompetanse innan kliniske studiar, og slik vere eit langsiktig rekrutteringstiltak for klinisk forsking i regionen.
Nasjonal handlingsplan for kliniske studier (2021-2025) har som visjon at klinisk forsking skal vere ein integrert del av all pasientbehandling. Stipend til kliniske studiar kan vere eitt verkemiddel for å nå måla i handlingsplanen.
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Søkjar må vere tilsett ved eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon i regionen og ha si stilling i klinisk eller paraklinisk verksemd i minst 50 prosent stilling. Søkjar må ha avlagt doktorgrad.
Stipendet kan ikkje overførast til andre. Søkjar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.
Kva kan det søkjast om
Søknaden må vere knytt til eit eller fleire pågåande forskingsprosjekt ved den avdelinga søkjar er tilsett. Prosjekta skal allereie vere finansiert, og stipenda skal primært nyttast til kompetanseheving hos søkjar.
Det kan søkjast om stipend i inntil 3 år. Satsen følger satsen for postdoktorstipend, og skal nyttast til løn med sosiale utgifter. Ein kan ikkje søkje om driftsmidlar.
Ved eventuell tildeling
Ved tildeling vil 20 prosent av den kliniske stillinga gjerast om til forskarstilling (frikjøp) i perioden.
Dersom det skjer endringar i tilsetjingsforholdet til søkjaren etter tildeling og i løpet av prosjektperioden, vil stipendet bli avslutta.
Forskarar som får Helse Vests forskingsmidlar, skal gjennomføre kurs i brukarmedverknad. Tilsette i helseføretaka får kursbevis om dei gjennomfører kurset gjennom læringsportalen.
Prosjektoversikt og andre vedlegg
Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden.
Revidert juni 2024.