Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

Prisar delte ut på Forskingskonferansen i Helse Vest

Her er oversikta over alle som har fått prisar frå Helse Vest innanfor forsking, innovasjon, kvalitet, forskingsmiljø og yngre forskar. Prisane blir delte ut på den årlege Forskingskonferansen som skjer om hausten. Kriteria for prisane har endra seg gjennom åra.

2023: Forsking​​spris og pris til ung forskar

  • Forskar og overlege Lars Andreas Akslen fekk Helse Vest sin forskarpris for 2023, arbeidet han gjer og Centre for Cancer Biomarkers gjer innan kreftforsking. 
  • Prisen for årets unge forskar 2023 går til Siddharth Vivek Shanbhag, for forsking på gjenoppbygging av bein i munnen. Stamcelleterapi gir nye og lovande moglegheiter til pasientar med avansert tap av vev. 
  • Les samla sak for prisane

2022: Forsking​​spris, innovasjonspris og pris til ung forskar

  • ​​Innovasjonsprisen i år gjekk til Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest, RAKOS. Thomas Lindner, Anna Marie Moe Øvstebø og Conrad Bjørshol tok i mot prisen for sin tenesteinnovasjon "Oppfølging av førstehjelpere".​
  • Olga T​herese Ousdal fekk prisen for hennar forsking innanfor skjeringspunktet mellom radiologi, nevrologi og psykiatri. Forskinga har gitt resultat i ny kunnskap og ei betra forståing av endringar i hjernen ved enkelte psykiske lidingar som depresjon og angst og behandlinga mot dette (elektrosjokk og psykoterapi).
  • Forskingsprisen 2022 blei tildelt Kjell-Morten Myhr, overlege ved Nevrologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus og professor ved Institutt for klinisk medisin, Universitetet i Bergen. Kjell-Morten Myhr får prisen for si framragande og banebrytande forsking på behandling av multippel sklerose.​​

2021: Forski​ngspris, innovasjonspris og pris til ung forskar

  • Eva Gerdts fekk forskingsprisen for hennar forsking på hjartesjukdom hos kvinner. Innovasjonsprisen gjekk til Khanh Do-Cong Pham for utvikling av avansert endoskopi, mens den nye «Pris til ung forskar» gjekk til Lars Thore Fadnes for hans forsking på personar med ruslidingar og hepatitt C.

2020: Pris til fo​rskar og innovasjonspris

  • Pål Rasmus Njølstad, professor ved klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen og overlege ved barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Fekk prisen for si banbrytand​e forsking på barnediabetes, der han har identifisert genetiske bakgrunnar for ulike formar for barnediabetes.
  • Ralf Kellmann, spesialingeniør ved Haukeland universitetssjukehus, fekk innovasjonsprisen i Helse Vest for ei løysing, "SpecBase", som held orden på enorme mengder analysedata.

2019: Pris til fors​kar og innovasjonspris

  • Eystein Sverre Husebye, professor ved Universitetet i Bergen og overlege ved Haukeland universitetssjukehus, fekk forskingsprisen for hans forsking innanfor autoimmune endokrine sjukdommar.
  • Christian Moltu, professor ved Høgskulen på Vestlandet og fagsjef ved psykiatrisk klinikk, Helse Førde, fekk innovasjonsprisen for det digitale systemet Norse Feedback.

2018: Pris til forskar o​g innovasjonspris

  • Professor og dr.med. Roald Omdal frå Stavanger universitetssjukehus fekk forskingsprisen for sitt mangeårige arbeid med å finne ei objektiv og vitskapeleg forklaring på fatigue, som rammar pasientar med blant anna autoimmune sjukdommar.
  • Lege og forskar Geir Strandenes ved Haukeland universitetssjukehus har gjort innovasjon utav blod og fekk innovasjonsprisen for sitt arbeid. Gjennom sitt prosjekt Blood Far Forward har han endra akuttmedisinsk livreddande behandling både i Helse Bergen og seinare i resten av Noreg og internasjonalt.

2017: Pris til forskar og inn​​ovasjonspris

  • Fors​kingsprisen: Professor og overlege Nils Erik Gilhus for Haukeland universitetssjukehus / Universitetet i Bergen for si forsking på muskelsjukdommen myasthenia gravis.
  • Innovasjonsprisen: "Klinisk ledelse i team" ved prosjektleiar Øystein Evjen Olsen frå Stavanger universitetssjukehus, kursleiar Sigrun Qvindesland og forskingsansvarleg for følgeforsking, Sissel Eikeland Husebø.

2016: Pris til forskar og i​nnovasjonspris

  • Forskingsprisen: Professor og overlege Jan Haavik fekk forskingsprisen for si forsking på vaksne pasientar med ADHD.
  • Innovasjonsprisen: Seksjonsoverlege og spesialist i psykiatri, Tone Elise Gjøtterud Henriksen, fekk innovasjonsprisen for oransje brille mot bipolar mani.

​2015: Pris til forskingsm​iljø og innovasjonspris

  • Pris til forskingsmiljø: Forskingsmiljøet «Gynekologisk kreftforskingsgruppe» ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus, leia av professor Helga B. Salvesen
  • Innovasjonsprisen: James Lorens, BerGenBio og Universitetet i Bergen, for å utvikle og betre behandlinga av brystkreft

2014: Pris til forskar og in​​novasjonspris​

  • ​​Forskingsprisen: Øystein Bruserud for hans forsking innanfor akutt myelogen leukemi (AML)
  • Innovasjonsprisen: Tine Nordgreen for eMeistring

​​​​​​​2013: Pris til forskar og I​nnovasjonspris​​​

  • Professor Olav Dahl fekk forskingsprisen for sitt årelange forskingsarbeid på kreft.
  • Torbjørn Aasen fekk innovasjonsprisen.

2012: Innovasjonspris og P​ris til forskingsmiljø​​

  • Innovasjonsprisen: Solfrid Raknes.
  • Pris til forskingsmiljø: Fagmiljøet i nevroimmunologi og nevrogenetikk ved Haukeland universitetssjukehus.

2011: Innovasjonsprisen o​​g Pris til forskar​

  • Innovasjonsprisen: Helga Salvesen og Lars A Akslen.
  • Pris til forskar: Dag Aarsland.

2010: Innovasjonspris​​en og Pris til yngre forskar​​

  • Innovasjonsprisen: Harald Aurlien.
  • Pris til yngre forskar: Charalampos Tzoulis.​

2009: Pris for beste for​skingsmiljø​

  • Broegelmanns Forskningslaboratorium ved professor Roland Jonsson.

2008: Kvalitetspris og forsk​ingspris​​

  • Kvalitetspris: Kirurg Jan Erik Varhaug og Det nasjonale kompetansesenteret for multippel sklerose delte kvalitetsprisen.
  • Forskingsprisen: Kreftforskar Lars Akslen.

2007: Kvalitetspris og for​skingspris​​

  • Kvalitetsprisen: Anne Grimstvedt Kvalvik.
  • Forskingsprisen: Helge Ræder.

2006: Forskings​pris​

  • Prisen gjekk til fMRI-gruppa i Bergen ved professor Kenneth Hugdahl.​

2005: Pris til forskingsm​iljø og Pris til forskar​​

  • Pris til forskingsmiljø: Gastroenterologisk seksjon, Haukeland Universitetssjukehus, ved Arnold Berstad.
  • Prisen til forskar: Rolf Berkvig.

2004: Pris til forskingsm​iljø og Pris til forskar​

  • Prisen til forskingsmiljø: Nasjonalt kompetansesenter for bevegelsesforstyrrelser i Helse Stavanger ved Jan Petter Larsen.
  • Pris til forskar: Per Eystein Lønning ved Universitetet i Bergen og Avdeling for kreftbehandling i Helse Bergen.

2003: Pris t​il forskingsmil​​jø og Pris til forskar

  • Pris til et forskningsmiljø: Nasjonalt kompetansesenter for leddproteser ved Ove Furnes.
  • Pris til forskar: Per Magne Ueland.​
Sist oppdatert 24.04.2023