Rehabilitering, private avtalar
Helse Vest RHF har i tillegg til rehabiliteringstilbodet som finst i sjukehusa, avtalar om spesialiserte rehabiliteringstenester med private institusjonar i Helse Vest. "Velg behandlingssted" gjeld også for dei private rehabiliteringsinstitusjonane.
Tilvising til dei private rehabiliteringsinstitusjonane
Desse har avtale med Helse Vest:
- Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler
- Åstveit Helsesenter i Bergen
- Barnas Fysioterapisenter i Bergen
- Ravneberghaugen, Senter for meistring og rehabilitering i Hagavik
- Rehabilitering Vest i Haugesund (1. mai 2024)
- Falck Norge i Randaberg
- PTØ-senteret i Stavanger
- Nærland Rehabilitering på Jæren
Her er ei oversikt over kva delytingar dei ulike institusjonane tilbyr.
Helse Vest RHF inngår avtaler om spesialisert rehabilitering med private rehabiliteringsinstitusjonar i tråd med regelverket for offentlege anskaffingar.Tenestene blir gitt i form av dagtilbod, kortare dagtilbod (timar), og døgntilbod. Enkelte av institusjonane har avtale om arbeidsretta rehabilitering.
Helse Vest varetar sørgje for-ansvaret sitt innanfor habilitering og rehabilitering gjennom tenester i helseføretaka, private sjukehus og i private rehabiliteringsinstitusjonar.