Slik skriver vi i Helse Vest
Språkprofilen er ei rettleiing i korleis vi skal skrive i Helse Vest. Språkprofilen skal hjelpe oss til å ta omsyn til lesarane våre.
Målet for språkarbeidet er at føretaka i Helse Vest jobbar systematisk med språkarbeid, slik at vi får ein skriftleg kommunikasjon som bidreg til trygge og nære helsetenester, godt samarbeid og rett bruk av tida vår. Vi når målet gjennom å jobbe med dei prioriterte områda og tiltaka som er presenterte under Prioriterte område og tiltak nedanfor.
Dette er hovudområda føretaka i Helse Vest skal jobbe systematisk med i språkarbeidet.
Pasientinformasjon og andre viktige tekstar skal vere forståelege, tilgjengelege og heilskaplege, slik at mottakaren forstår og kan bruke informasjonen dei får. For å vite sikkert om tekstar fungerer etter hensikta, skal dei testast på dei aktuelle målgruppene.
Medarbeidarar skal vite om og følgje prinsippa i språkprofilen når dei skriv til pasientar og pårørande, medarbeidarar, potensielle medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar. Alle som treng det, skal få tilbod om språkkurs og anna tilgjengeleg skrivehjelp.
Eit inkluderande språk respekterer mangfaldet i samfunnet, bidreg til likeverdige offentlege tenester og førebyggjer diskriminering. Skriftleg informasjon frå føretaka i Helse Vest skal vere forståeleg og tilgjengeleg for flest mogleg. Gjennom universell utforming skal vi ta omsyn til personar med ulike leseutfordringar, og personar med andre språk enn norsk som førstespråk. Målgrupper som har behov for ytterlegare språkleg tilrettelegging, skal få det.
Ein del av målgruppene våre, både pasientar, pårørande og medarbeidarar, er minoritetsspråklege. Ved å bruke eit klart og mottakartilpassa norsk gjer helseføretaka det lettare for folk å lære seg språket vårt. I enkelte situasjonar er det nødvendig å omsetje tekstar til andre språk.
Å behalde og rekruttere medarbeidarar er ei av hovudutfordringane våre framover. Vi lagar stillingsannonsar for mange ulike fagområde og yrkesgrupper. Stillingsannonsane som blir publiserte, skal vere skrivne i klarspråk, og byggje på språkprofilen.
Språket i dei digitale løysingane som blir brukte av medarbeidarar i sjukehusa, skal vere tydeleg og brukartilpassa. Klarspråk i digitale tenester er også avgjerande når pasientar og pårørande skal bli sjølvbetente og få ei god brukaroppleving. Klarspråk skal liggje til grunn når vi utviklar digitale tenester, frå prosjektoppstart til ferdig løysing.
Språk i lovverket
Språkplanen byggjer på krava i mellom anna språklova, oppdragsdokumenta og styringsdokumenta i Helse Vest. Her er ei kort oversikt over føringane vi har for språk i offentleg sektor.
Språklova
Språklova stiller krav om
Nynorsk og bokmål er likeverdige språk. Ifølgje språklova har offentlege instansar eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk som skriftspråk.
Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest RHF skal skrive nynorsk. Helse Stavanger har nøytralt tenestespråk, og skal veksle mellom nynorsk og bokmål.
Pasient- og brukarrettslova
Kapittel 3 i pasient- og brukarrettslova seier mellom anna at
Ifølgje pasient- og brukarrettslova skal informasjonen tilpassast evna til den enkelte til å gi og få informasjon. Det inneber å leggje til rette språket for målgrupper som har behov for det, og å jobbe med universell utforming. Sjå også forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar.
Andre lover
Klarspråk er også ein premiss i både forvaltningslova, likestillings- og diskrimineringslova og offentleglova.
Andre føringar for språket
Fleire føringar i Helse Vest underbyggjer at vi må jobbe med språket vårt:
Styrings- og oppdragsdokument
Kvart år får sjukehusa og føretaka styringsoppdrag frå Helse Vest, som igjen får oppdragsdokument frå Helse- og omsorgsdepartementet. I både 2024, 2020 og 2017 var klarspråk eit av oppdraga som vart gitt til sjukehusa og føretaka i Helse Vest. Sjå oppdragsdokument og styringsdokument på helse-vest.no. Oppdraga frå tidlegare år er ikkje utførte per 2024, og gjeld derfor framleis. Her er utdrag frå styringsdokumenta, som kjem frå Helse Vest RHF til føretaka i regionen:
2024
Helseføretaka skal jobbe systematisk for å innfri språkkrav i lov- og regelverk. Helseføretaka skal følgje prinsippa i språkprofilen for føretaksgruppa som ligg føre våren 2024, i skriftleg kommunikasjon med pasientar og pårørande, og i intern- og ekstern kommunikasjon.
2020
Helse Vest RHF ber helseføretaka om å gå gjennom informasjonsmateriell frå sjukehusa med omsyn til at pasientane skal forstå informasjonen dei får, betre. Dette gjeld mellom anna informasjon på nettsider og i brosjyrar, skilting på sjukehus eller andre behandlingsstader, eller pasientretta informasjon om legemidlar. Helseføretaka skal også bidra til det same i dei tiltaka som ligg til pasientkommunikasjon i programmet «Alle møte», til dømes brevmalar (Klart språk).
2017
Eit betre tilbod til pasientar og pårørande, med god og forenkla nettkommunikasjon, er eit viktig innsatsområde i Helse Vest. (...)
Klarspråk og økonomi
Klarspråk lønner seg. Det har KS slått fast. Menon Economics slår fast at offentleg sektor med stor tryggleik vil få ei avkastning på mellom 30 og 300 prosent ved å investere i klarspråksarbeid. I tillegg kan du lese på KS’ nettsider om kvifor klarspråk er viktig.
Erfaringar med klarspråk frå helsetenesta
Helgelandssjukehuset var først ut av sjukehusa i Noreg til å jobbe med klarspråk. Erfaringane derifrå kan du lese om i Tidsskriftet Michael.
Samanhengen mellom godt helsespråk og klarspråk er også adressert i ei eiga bok, som du kan lese om i Tidsskriftet.
Språkprofilen er ei rettleiing i korleis vi skal skrive i Helse Vest. Språkprofilen skal hjelpe oss til å ta omsyn til lesarane våre.