Helse Vest RHF lyste tidlegare i år ut inntil 14 millionar kroner (2020-midlar) til regionale innovasjonsprosjekt i dei to kategoriane «nye prosjekt» og «idéoverføring».
Til søknadsfristen 10. mars kom det inn totalt 53 søknadar, og det blei totalt søkt om 47 millionar kroner. Flest søknadar var det i kategorien «nye prosjekt» med 48 søknadar, medan det i kategorien «idéoverføring» var fem søknadar.
Regional komité
Av desse får 17 prosjekt stønad, 13 i kategorien «nye prosjekt» og 4 i kategorien «idéoverføring». Leiarmøte i Helse Vest tok endeleg stilling til kva for prosjekt som får stønad på grunnlag av innstillinga frå ein regional komité som har vurdert kvalitet og relevans i søknadane opp mot utlysinga, etter gitte vurderingskriterium.
Komiteen har mellom anna vore opptatt av god brukarmedverknad i prosjekta, og to brukarrepresentantar har vore med og vurdert søknadane, forutan regionale representantar frå Helse Vest RHF, Sykehusinnkjøp og representantar frå helseregionane Helse Sør-Øst og Helse Midt-Norge.
Høg konkurranse og kvalitet
Søknadane viser høg innovasjonsaktivitet i heile føretaksgruppa, særleg knytt til nye og betre arbeidsformer ved bruk av teknologi.
– Det er gledeleg at vi har fått inn så mange søknadar til tross for pandemien. Vi ser at dette er eit godt og viktig verkemiddel for å nå måla i Helse 2035 og Nasjonal helse- og sjukehusplan, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne.
Mange av søknadane har gode og relevante samarbeidspartnarar i prosjekta, men det er fortsatt eit potensiale for meir samarbeid mellom helseføretaka i Helse Vest, særleg knytt til tenesteinnovasjon.
– Då me fekk inn mange gode søknadar var det skarp konkurranse om midla. Det betyr at fleire gode prosjekt ikkje får tildeling i denne runden, men me håpar dei vil nytte høvet til å søkje på ny hausten 2021, seier innovasjonsansvarleg Lena Forgaard.
Tilbakemelding til alle
Alle som har sendt inn søknad vil få ei tilbakemelding. Dei som får stønad, vil få eit tildelingsbrev med meir informasjon om vilkåra for tildeling. Dei som ikkje får stønad i denne omgang, vil og få ei tilbakemelding.
Desse prosjekta får stønad i kategorien "nye prosjekt":
Helse Bergen
eHjerteRehab
Prosjektleiar: Tone M. Norekvål
Prediksjon av storbrukere ved hjelp av et automatisert varslingssystem
Prosjektleiar: Pål Ove Vadset
Verdibasert radiologi i Helse Vest (VeRaVest)
Prosjektleiar: Aslak Bjarne Aslaksen
Digitale blandekort for barn
Prosjektleiar: Thomas Halvorsen
Mage-tarmskolen - ny digital behandlings- plattform i somatikken
Prosjektleiar: Birgitte Berentsen
Helse Stavanger
Arvelige sykdommer i bindevevet hos barn, systematisk kartlegging og diagnostikk
Prosjektleiar: Johan Aske Lund
Pasienten bestiller time sjølv
Prosjektleiar: Marit Halonen Christiansen
NewbornTime
Prosjektleiar: Siren Rettedal
Tryggere pasientbehandling gjennom automatisert overvåkning av antibiotikaresistens og utbrudd i sykehus
Prosjektleiar: Cecilie Sneberg Grøtteland
Helse Førde
Ostomy Adjustment System (OAS): ny metode for tilpassing til å leve med stomi
Prosjektleiar: John Roger Andersen (Helse Førde HF)
Helse Fonna
iSpe - Inventory for Supported Psychological Evaluation
Prosjektleiar: Oddbjørn Hove
Solli DPS
Digital ferdighetstrening i selvmordsforebygging
Prosjektleiar: Leif Arvid Øvernes (Solli DPS)
Haraldsplass Diakonale Sykehus
Digitalisering av pasientoppfølging på kirurgisk klinikk
Prosjektleiar: Frank Olsen
Desse prosjekta får stønad i kategorien "idéoverføring":
Medisinsk brukerstyrt avstandsoppfølging av epilepsipasienter
Prosjektleiar: Marte-Helene Bjørk (Helse Bergen HF)
Idé frå: Vestre Viken HF
Pust deg bedre
Prosjektleiar: Theresa Johannessen (Helse Bergen HF)
Idé frå: Helse Førde HF
Brighter Age: Alderspsykiatri i nytt lys
Prosjektleiar: Line Iden Berge (NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus)
Idé frå: Helse Fonna HF
Digitalisert gruppetilbud til pasienter i ReHabiliteringsklinikken
Prosjektleiar: Siv Kruger Claussen (Helse Bergen HF)
Idé frå: Sunnaas rehabiliteringssenter
Oversikt over kven som får stønad (PDF)