Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Ber pasientar om å endre til digital time

Ei ny smittebølgje har ført til at fleire pasientar endrar eller ikkje møter til timen sin på sjukehuset. Assisterande fagdirektør ber pasientane vurdere å endre timen til video- eller telefonkonsultasjon før dei avbestiller.

Publisert 21.12.2021
Sist oppdatert 23.12.2021
En person som holder en telefon

​Frå oktober til november auka talet på utsett eller endra time frå pasientar frå 19 748 til 25 687. Det er ein auke på om lag 23 prosent. Talet på pasientar som ikkje møter til timen utan å melde frå og pasientar som er sjuke eller i karantene har naturleg nok også auka i same perioden.

– Det er fleire grunner til at pasientar ønskjer å endre time eller utsetje timen sin. Erfaringar frå dei siste vekene viser at mange er bekymra for smitte eller har symptom som gjer at dei ikkje skal møte på sjukehuset og må halde seg heime, seier assisterande fagdirektør i Helse Vest, Ola Jøsendal.

​Digital time m​​ogeleg for mange

Sjukehusa har den siste tida opplevd at fleire pasientar endrar eller avbestiller timen sin. Då går mykje tid på å prøve å finne ein anna pasient som kan nytte timen som er sett av.

– Pasientar bør møte til timen sin med mindre sjukehuset endrar eller utset timen. Pasientar som er bekymra for smitte eller har milde symptom, men som likevel tenkjer at timen kan gjennomførast, bør heller vurdere å endre timen sin til telefon- eller videokonsultasjon, seier Jøsendal.

Når pasientar får tildelt ein time, får dei eit innkallingsbrev på Helsenorge​. På timelista si på Helsenorge kan pasienten og velje å endre timen sin frå fysisk oppmøte til konsultasjon over video eller telefon. Behandlaren vil avgjere om dei kan gjennomføre timen over video eller telefon.

– Dersom behandlar og pasient kan ta timen over video eller telefon, vil pasienten sleppe å reise og møte opp på sjukehuset, det vil vere tidssparande for både pasient og behandlar, og det kan føre til at færre pasientar endrar eller utset timen sin, seier den assisterande fagdirektøren.

​Det er trygt å møte til timen

Mange av pasientane som ringjer inn for å endre eller avbestille timen sin, fortel at dei er bekymra for å bli smitta. Dei ønskjer å unngå å møte på sjukehuset for å ta ned risikoen for smitte.

– Det er ikkje vanskeleg å forstå bekymringa enkelte har for å bli smitta, særleg når vi er inne i ei ny smittebølge. Det er og skal vere trygt å møte til sjukehustimen. Dei tilsette i sjukehuset har arbeidd i pandemien i snart to år og smittevernet står sterkt i sjukehusa. Ønsker du likevel ikkje å møte på sjukehuset, ber vi deg om å endre timen til video- eller telefonkonsultasjon der det er mogleg.

​Er du i tvil om timen din kan bli gjennomført digitalt eller ikkje, kan du endre timen din likevel. Jøsendal fortel at du vil få beskjed av behandlar om det likevel er nødvendig med fysisk oppmøte.