Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Betre behandling for parkinsonpasientar

Ny nettverksmodell skal gi pasientar med Parkinsons sjukdom betre behandling. 

Publisert 30.04.2021
En gruppe mennesker i hvite labfrakker ser på et papir

Ein nederlandsk nettverksmodell skal gjere helsepersonell betre rusta til å behandle pasientar med Parkinsons sjukdom. Modellen heiter ParkinsonNet og skal bidra til at denne pasientgruppa får behandling frå helsepersonell med relevant fagleg kompetanse. Målet er å kunne tilby best moglege behandlingstenester til pasientane uansett kvar dei bur.

ParkinsonNet legg til rette for utdanning og opplæring av helsepersonell og at det blir oppretta tverrfaglege nettverk i alle helseregionane.

– Eit tverrfagleg nettverk skal knyte saman fagpersonar, som fysioterapeutar, ergoterapeutar, logopedar og sjukepleiarar. Hensikta er at dei ulike faggruppene skal dele kompetanse med kvarandre, forklarar fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem.

Fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem. Foto: Kjetil Alsvik


Kva er ParkinsonNet?

​ParkinsonNet er ein nettverksmodell for systematisk utdanning og opplæring av helsepersonell, og tverrfagleg samarbeid mellom faggruppene, helsetenesta og kommunane. Modellen inkluderer også informasjon til pasientar og pårørande gjennom brosjyrar og nettsider.

Nettverksmodellen er henta frå Nederland, og blei i 2017-2019 prøvd ut i Rogaland og Oslo i regi av Helsedirektoratet.

Modellen kan bidra til betre samhandling mellom nivåa, og dermed gi større moglegheiter for å unngå dobbeltbehandling, unødige innleggingar og reinnleggingar. Pasientar og pårørande kan få betre oversikt over og tilgang til relevant, tverrfagleg kompetanse, og modellen kan på den måten bidra til auka mestring av eigen livssituasjon.


Ei god nyheit for parkinsonpasientar
Om lag 7-8000 personar har Parkinson sjukdom i Noreg, og det er forventa at talet blir dobla mot 2040.

– Ei nasjonal utrulling av ParkinsonNet vil ha stor betyding for desse pasientane. Det vil også gi større moglegheiter for å unngå dobbeltbehandling og unødige innleggingar og reinnleggingar, seier fagdirektøren.

Ein plan for utrulling av ParkinsonNet er laga i samarbeid mellom Helse Nord, Helse Midt-Norge, Helse Sør-Øst, Helse Vest, Norges Parkinsonforbund og Helsedirektoratet. Ifølge planen skal utrullinga starte innan 30. juni 2021.

Involvering av kommunane er eit suksesskriterium

Når utrullinga startar vil kommunikasjon på tvers av faggrupper, helsetenesta og kommunegrenser vere viktig.

– Parkinsonpasientar er avhengige av eit godt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunane for å få eit heilskapleg tilbod. At dette samarbeidet fungerer er ein grunnleggande føresetnad for ParkinsonNet, seier Schem.

Parkinsons sjukdom i Noreg

​Parkinsons sjukdom rammar mellom 100 og 150 personar per 100.000 innbyggarar. Ein antar derfor at om lag 7-8000 personar har sjukdommen i Noreg. Menn blir oftare ramma av sjukdommen enn kvinner. Debutalder ligg normalt mellom 50 og 70 år, men varierer betydeleg. Generelt aukar førekomsten av sjukdommen med aukande alder. På grunn av at befolkninga blir stadig eldre, er det forventa at talet personar med Parkinsons sjukdom blir dobla mot 2040.