Byggjer nasjonale beredskapslager for legemiddel
Helse Vest byggjer på oppdrag frå styresmaktene nasjonale beredskapslager for legemiddel for sjukehus, kommunar og apotek. På lagera vert livsnødvendige legemiddel prioritert, og det har allereie kome pasientar til gode under pandemien.
– Lagera består av utvalde legemiddel nok til inntil seks månader normalt forbruk i sjukehusa og kommunehelsetenesta, seier fagdirektør i Sjukehusapoteka Vest, Christer Bakke Frantzen.
Regjeringa vedtok våren 2020 å opprette to nivå av nasjonal lagring av legemiddel. Helse- og omsorgsdepartementet ga Helse Vest RHF i oppdrag på vegner av dei regionale helseføretaka om å realisere lageret på nivå 2. Helse Vest RHF spelte ballen vidare til Sjukehusapoteka Vest HF, som fekk ansvaret med å leie og gjennomføre arbeidet.
Sikrar tilgang til kritisk viktige legemiddel
Lagera blir eit viktig bidrag for å styrke den norske helseberedskapen generelt og legemiddelberedskapen spesielt. Stopp i forsyning av og mangel på legemiddel har vore eit aukande problem globalt. Det har også resultert i stadig fleire tilfelle av leveringssvikt her til lands. Den pågåande pandemien gav problemstillinga endå større kraft, særleg i ein tidleg fase. I ytste konsekvens kan mangel på legemiddel få store følgjer for enkeltmenneske.
Lagera vil sikre tilgang til kritisk viktige legemiddel for sårbare pasientgrupper ved svikt i normal leveringChrister Bakke Frantzen
– Lagera vil sikre tilgang til kritisk viktige legemiddel for sårbare pasientgrupper ved svikt i normal levering.
Det gir også helsetenesta betre mogelegheiter og større spelerom til å finne alternative løysingar i ein eventuell mangelsituasjon, seier Bakke Frantzen.Skapt tryggleik for forsyning under pandemien
Legemidla på beredskapslagera er ikkje spesielt øyremerka covid-19-pasientar, men lagera har like fullt vist seg å vere til nytte også under den pågåande pandemien.
– Så langt har lagera medverka til å skape tryggleik for forsyning av viktige legemiddel, til dømes intensivlegemiddel til covid-19-pasientar.
Totalt vil det vere legemiddel verd rundt 1,6 milliard kroner når lagera er fylte. Det inkluderer ramma på 1 milliard kroner fordelt likt på spesialist- og primærhelsetenesta som låg i det opphavlege oppdraget til Helse Vest, pluss beredskapslageret som Helsedirektoratet bygde opp for primærhelsetenesta tidleg i pandemien, den såkalla «50-lista».
Eit godt samarbeid mellom fleire partar
–Våre prognosar seier at lagera er fylte opp i løpet av hausten. Det har tatt lenger tid enn opphavleg plan, mest på grunn av at det tar tid for produsentane å oppskalere produksjonen utover den normale leveransen til den norske marknaden, seier Bakke Frantzen.
Arbeidet med lagera og å sikre stabil legemiddelforsyning skjer i eit nært samarbeid mellom spesialisthelsetenesta, kommunane, Helsedirektoratet, Legemiddelverket og legemiddelgrossistane.
Frå spesialisthelsetenesta er både legar frå fleire sjukehus, sjukehusapotekføretaka, Sykehusinnkjøp HF og Nasjonalt senter for legemiddelmangel og legemiddelberedskap i spesialisthelsetenesta (Mangelsenteret) involverte i arbeidet.
Lagera er etablert innanfor dagens grossistmodell. Det er Alliance Healthcare Norge (AHN) som står for lager og lagerhald for spesialisthelsetenesta, mens Apotek 1, Norsk Medisinaldepot (NMD) og AHN gjer det for kommunane.Fakta om beredskapslager
- Regjeringa vedtok første halvår 2020 å opprette to nivå av nasjonal lagring av legemiddel.
- Nivå 1 omfattar tre til seks månader forbruk av dei 50 mest kritiske («50-lista») legemidla for primærhelsetenesta (kommunane), tre månader forbruk av legemiddel på covid 19-lista for inntil 800 intensivpasientar og to månader forbruk av H-reseptlegemiddel (legemiddel utanfor sjukehus).
- Nivå 2 omfattar inntil seks månader normalt forbruk av utvalde legemiddel brukt i sjukehusa. I tillegg skal lagera ha legemiddel til primærhelsetenesta utover det på nivå 1. Seinare vart også 50-lista frå nivå 1 inkludert her.
- Helse- og omsorgsdepartementet ga Helse Vest RHF i oppdrag på vegner av dei regionale helseføretaka om å realisere lagera på nivå 2.
- Helse Vest RHF spelte ballen vidare til Sjukehusapoteka Vest HF, som fekk ansvaret med å leie og gjennomføre arbeidet. Det har dei gjort gjennom prosjektet B180 (= beredskapslager 180 dagar).
- Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak (eige styre) som er eigd av Helse Vest RHF – og rommar det største farmasifaglege miljøet på Vestlandet.
- Lagera blir etablert innanfor dagens grossistmodell. Alliance Healthcare Norge (AHN) står for lager og lagerhald for spesialisthelsetenesta, mens Apotek 1, Norsk medisinaldepot (NMD) og AHN gjer det for kommunane. Fysisk ligg altså beredskapslagera på Austlandet.
- Ei spesialistgruppe av legar og farmasøytar frå alle helseregionar, kommunehelsetenesta, Mangelsenteret, Sykehusinnkjøp HF og Legemiddelverket, gir råd om kva legemiddel beredskapslagra bør ha. Helsedirektoratet godkjenner formelt samansetninga av lagera.
- Spesialistgruppa baserer sine råd på ei konsekvensvurdering av inntil seks månader forsyningssvikt for legemiddel. Hovudkriteriet for inkludering i B180-lagera er om svikt i forsyninga kan føre til alvorleg helseskade og eventuelt tap av menneskeliv.
- Lagera baserer seg på eit prinsipp om rullering: Ein fyller opp lageret med ei viss mengd legemiddel. Når varer går ut av lageret, blir dei erstatta, slik at ein held lageret på same nivå.
- Lagera går over i normal drift etter at prosjektet er avslutta, truleg frå 2022.