Klar med plan for vaksinering av helsepersonell i Helse Vest

Sist veke blei det kjent at Folkehelseinstituttet set av vaksinar mot covid-19 til 15 000 medarbeidarar i spesialisthelsetenesta. Det utgjer 30 000 vaksinedosar. Føretaka i Helse Vest har laga ein plan for fordelinga i regionen.

Sjukepleiar med sprøyte i handa. Foto.
Illustrasjonsfoto: Katrine Sunde, Helse Bergen

Med meir generell smitte i befolkninga, skal helsepersonell vaksinerast for å sikre at helsetenesta har tilstrekkeleg kapasitet. Målet med vaksineringa er altså å sikre kapasiteten i spesialisthelsetenesta, slik at sjukehusa kan oppretthalde kritiske funksjonar og behandle både covid-19-pasientar og alle andre pasientar med  behov for sjukehustenester. Vaksineringa skal skje i veke 2 og 3, med oppfølging i veke 5 og 6.

– Vi er glade for at det er sett av vaksinar til helsepersonell allereie no, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF. – Mange vil få tilbod om vaksinasjon etter kvart som vi får meir vaksine. Akkurat no er det snakk om å setje rekkjefølgja for dei første vaksinedosane vi får.

Bryne seier at det er god dialog mellom helseføretaka på Vestlandet, alle er einige om fordelinga og det blir gjort lokale vurderingar på likt grunnlag.

Kven får vaksinen no?

Tenester utførte av personell som er vanskeleg å erstatte om dei hamnar i isolasjon eller karantene har prioritet i denne omgangen. Helsepersonell innanfor intensiv- , akutt- og regionale funksjonar, i tillegg til enkelte funksjonar innanfor analyse og andre kritiske område, vil få tilbodet først, vurdert også ut frå lokale omsyn.

Ei rekkjefølgje for vaksinering av helsepersonell er ikkje eit uttrykk for ulik verdsetting av medarbeidarar i ulike deler av tenesta. Rekkjefølgja speglar dei funksjonane der det i ein unntakssituasjon er aller mest viktig å unngå redusert kapasitet.

Ved auka smitte i befolkninga vil ein måtte skilje mellom funksjonar som må ha høgare kapasitet for å handtere covid-19-pasientar med ei mogleg mangedobling av pasientar – og funksjonar som i størst mogleg grad skal ha normal kapasitet, men ikkje treng å auke aktiviteten. Dei førstnemnde funksjonane, til dømes intensivmedisin og testkapasitet, vil bli ramma hardast når medarbeidarar blir sjuke eller må i karantene.

Med eit avgrensa tal på vaksinar vil ein ikkje nødvendigvis vaksinere alle med ein gitt kompetanse/funksjon, men heller det minimumstalet som skal til for å oppretthalde eit forsvarleg tilbod. Når det på lengre sikt blir betre tilgang på vaksinar, kan ein utvide talet på dei som skal vaksinerast.

Følgjer situasjonen fortløpande

Folkehelseinstituttet har anbefalt ein dynamisk modell. Det tyder at ein vil overvake situasjonen fortløpande og vurdere om ytterlegare personell skal få vaksine. Vaksinane til spesialisthelsetenesta kjem i veke 2, 3, 5 og 6, med 7 500 dosar per leveranse nasjonalt. Desse blir fordelte til dei fire helseregionane ut frå befolkningsstørrelse.

Føretaka i Helse Vest får 312 hetteglas i veke 2. Kvar vaksinering skjer med to dosar til kvar person. Grupper i same eining skal vaksinerast med ei veke mellomrom. Grunnen er at det kan vere biverknader i éin til to dagar etter vaksinen er gitt og ein vil redusere risikoen for at fleire må bli heime frå jobb samtidig. Dose nummer to blir gitt etter 21 dagar. Ein reknar med å kunne få seks til sju dosar per hetteglas.

Fordelinga er gjort med grunnlag i befolkningsstørrelse og med eit tillegg til Helse Bergen for å dekkje den nasjonale funksjonen for brannskade.

I Helse Vest bidreg Sjukehusapoteka Vest med opptrekk og førebuing til vaksinering.

Slik er fordelinga i Helse Vest

I Helse Vest har vi bestemt følgjande fordeling i veke 2 og 3 (første dose) og vidare vil same talet hetteglas fordelast i veke 5 og 6 (andre dose). Talet på dosar er rekna ut frå seks dosar per hetteglas.

  • Helse Stavanger: 198 hetteglas/ 1188 dosar
  • Helse Fonna: 94 hetteglas/ 564 dosar
  • Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale sykehus: 264 hetteglas/ 1584 dosar
  • Helse Førde: 56 hetteglas/ 336 dosar
  • Sjukehusapoteka Vest: 8 hetteglas/ 48 dosar
  • Helse Vest IKT: 4 hetteglas/ 24 dosar

Når alle ikkje kan få vaksinen med ein gong, minner vi om at vi alle må halde fram det gode arbeidet med smitteverntiltak både på arbeid og fritid.